Lukas 18
18
Likningane um den urettferdige domaren, 1-8, og um farisearen og tollmannen, 9-14. Jesus velsignar småborni, 15-17, vitnar for den unge rikmannen um vegen til livet, 18-30, talar um at han skal lida og døy og standa upp att, 31-34, lækjer ein blind mann ved Jeriko, 35-43.
1Då sa han dei ei likning um at dei stødt skulde beda og ikkje trøytna.#Luk 11,5-13; 21,36; Rom 12,12; Ef 6,18; 1 Tess 5,17 2I ein by, sa han, var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske. 3I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sa: Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min! 4Lenge vilde han ikkje; men då det leid på, sa han med seg: Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneske, 5so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plagar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg til meg midt i syni! 6Høyr kva den urettferdige domaren segjer, sa Herren; 7skulde so ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt, og drygjer han når det gjeld dei?#Op 6,10 8Eg segjer dykk: Han skal hjelpa dei til retten sin, og det fort. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trui på jordi? 9Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sa han denne likningi: 10Det var ein gong tvo menn som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisear og den andre ein tollmann. 11Farisearen stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der!#Op 3,17 12Eg fastar tvo gonger i vika, og gjev tiend av alt eg tek inn.#Luk 11,42 13Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: Å Gud, ver meg syndaren nådig!#Esra 9,6; Sal 51,3 14Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt skal gjerast høg.#Luk 14,11 15Dei bar og småborni sine til han, so han skulde røra ved dei. Då læresveinane såg det, tala dei hardt til dei;#Matt 19,13-15; Mark 10,13-16 16men Jesus kalla dei til seg og sa: La småborni koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.#Matt 18,3-14 17Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det. 18Ein rådsherre spurde han: Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?#Matt 19,16-22; Mark 10,17-22 19Kvi kallar du meg god? sa Jesus. Ingen er god utan ein - Gud! 20Bodi kjenner du: Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di! 21Alt det hev eg halde frå eg var ung, svara han. 22Då Jesus høyrde det sa han: Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!#Luk 12,33 23Mannen vart sturen då han høyrde dei ordi; for han var svært rik. 24Jesus såg det på han og sa: Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike!#Ordt 11,28; 1 Tim 6,9-10 25Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike. 26Kven kann då verta frelst? sa dei som høyrde på det. 27Han svara: Det som er umogeleg for menneske, er mogeleg for Gud.#Luk 1,37 28Enn me som hev skilt oss med alt som er vårt, og fylgt deg! sa Peter.#Luk 5,11 29Då sa han til dei: Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld 30utan han skal få det att mangdobbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit æveleg liv. 31So kalla han dei tolv innåt seg og sa til dei: No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetane hev skrive um Menneskesonen, skal ganga fram.#Matt 20,17-19; Mark 10,32-34; Jes 53,1-3; Sal 22,2-11; 16,9-11 32Han gjevast yver til heidningane og spottast og svivyrdast og sputtast på,#Luk 9,22; 17,25 33og dei skal hudfletta han og slå han i hel, og tridje dagen skal han standa upp att. 34Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for dei kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sa.#Luk 9,45 35Då han no kom burtimot Jeriko, sat ein blind mann attmed vegen og bad seg.#Matt 20,29-34; Mark 10,46-52 36Då han høyrde det for so mykje folk fram igjenom, spurde han kva var tids. 37Dei fortalde han at Jesus frå Nasaret for framum. 38Då ropa han: Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!#Matt 9,27; 15,22 39Dei som gjekk fyre, truga han og sa han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: Davids son, gjer sælebot på meg! 40Då stana Jesus, og sa at dei skulde leida den blinde hit til han, og då han kom innåt, spurde han: 41Kva vil du eg skal gjera for deg? - Herre, lat meg få att syni mi! svara han. 42No fær du att syni! Trui di hev hjelpt deg, sa Jesus.#Luk 17,19 43Og straks fekk han att syni si, og fylgde han alt medan han lova Gud; og alt folket som såg det, gav Gud æra og pris.#Apg 3,8-9
Currently Selected:
Lukas 18: NO1938N
Tõsta esile
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2