YouVersion Logo
Search Icon

Mika 4

4
Fredsriket
1I dei siste dagar ¬skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp ¬over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma. #Jes 2,2f
2Mange folk skal gå av stad ¬og seia:
«Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast ¬på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.» #Jer 31,6; Luk 24,47
3Han skal døma ¬mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag ¬langt borte.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine ¬til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd ¬mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig. #Joel 3,15
4Men alle skal sitja trygt,
kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre,
og ingen skal skræma dei.
For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala. #1 Kong 4,25; Jes 1,19f; Sak 3,10
5Alle folka ferdast,
kvart i sin guds namn;
men vi skal evig og alltid
ferdast i Herren ¬vår Guds namn. #Sal 96,4f; 97,7ff; Sak 10,12
Herren skal samla og leia folket sitt
6Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,
vil eg samla inn dei haltande,
kalla saman dei bortdrivne
og dei eg har fare ille med. #2,12f+; Dan 7,13f; Luk 1,33
7Dei haltande gjer eg ¬til ein rest,
dei bortdrivne ¬til eit mektig folk,
og Herren skal vera konge ¬over dei på Sion
frå no og til evig tid.
Israels frelse frå fangenskapet
8Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug,
til deg skal det ein gong koma,
det herrevelde du hadde før,
kongemakta i Jerusalem.
9Men no, kvifor skrik du så sårt?
Er det ingen konge hjå deg?
Er han som rår over deg, ¬komen bort
sidan du vrid deg ¬som i fødselsrier? #Jer 8,19
10Skrik og vrid deg, Sions dotter,
som ei fødande kvinne,
for no lyt du bort frå byen
og bu i villmarka.
Du skal koma til Babel,
men der vert du berga.
Der vil Herren løysa deg ut
or handa på fiendane dine.
# 4,10 Sions dotter folket i Jerusalem. # Jer 4,31
11No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg.
Dei seier: «Sion er vanæra,
vi ser på henne med lyst.» #Ob 12
12Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankar
og skjønar ikkje hans plan:
å samla dei ¬som korn på treskjevollen.
13Stå opp og tresk, ¬du Sions dotter,
for eg vil gje deg horn ¬av jern
og klauver av kopar.
Du skal knusa mange folk
og vigsla deira hærfang ¬til Herren,
deira gods til han
som er herre over all jorda. #3 Mos 27,28
14No risp deg opp, ¬du kringsette dotter!
Dei har kasta opp ein voll ¬imot oss.
Med stav slår dei ¬Israels herre på kinnet. #4,14 risp deg opp[Hos 7,14.]

Currently Selected:

Mika 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in