YouVersion Logo
Search Icon

Jona 2

2
Herren bergar Jona frå djupet
1Men Herren sende ein stor fisk, som slukte Jona; og han var i buken på fisken i tre dagar og tre netter. #Matt 12,40 2Jona bad til Herren sin Gud frå fiskebuken 3og sa:
# Sal 50,15+; 130,1; Klag 3,55f
Eg kalla på Herren i mi naud,
og han svara meg.
Eg ropa frå djupaste dødsriket,
og du høyrde mi røyst.
4Du kasta meg i djupet ¬midt på havet,
og straumen kringsette meg.
Alle dine brot og bylgjer ¬slo over meg. #Sal 42,8
5Då tenkte eg:
Eg er støytt bort frå deg.
Skal eg aldri meir få sjå ¬ditt heilage tempel? #Sal 31,23
6Vatnet nådde meg ¬heilt til halsen,
havdjupet var ikring meg ¬på alle kantar.
Tang sveipte seg ¬om mitt hovud. #Sal 103,4
7Radt til fjellbotnane fór eg ned.
Heimsens bommar stengdest
etter meg for alltid.
Men du, Herre min Gud,
førte meg levande opp ¬or grava.
8Då mi sjel var kraftlaus,
kom eg Herren i hug,
og mi bøn nådde til deg,
til ditt heilage tempel. #Sal 18,7
9Dei som dyrkar falske ¬og gagnlause gudar,
har gjeve opp sin truskap ¬mot deg.
10Men eg vil ofra til deg ¬med takkesong.
Det eg har lova, vil eg halda.
Frelsa kjem frå Herren. #Sal 50,14+
11Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på land.

Currently Selected:

Jona 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in