YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 3

3
1Kva fordel har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa? 2#5 Mos 4,7f; Sal 147,19f; Rom 9,4 Mykje, på alle måtar! Først og fremst det at Guds ord vart tiltrudd dei. 3#2 Tim 2,13 Men kva så om somme av dei har vore trulause? Kan deira truløyse oppheva Guds truskap? 4#Sal 51,6; 116,11 Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein løgnar. For det står skrive:
Så du skal få rett når du talar,
og vinna når du fører sak.
5 # Job 34,10ff Men om vår urett endå klårare viser Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er ikkje då Gud urettferdig, menneskeleg tala, når han lèt vreiden koma over oss? 6Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna dømma verda? 7Men om mi løgn endå klårare viser at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømmast som ein syndar? 8#6,1 Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den dommen dei fortener.
Alle har skuld
9Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar nokon fordel framfor andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nettopp skulda både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman, 10#Sal 14,1ff som det òg står skrive:
Det finst ingen rettferdig,
ikkje ein einaste.
11 Det finst ingen vitug,
ikkje éin som søkjer Gud.
12 Alle er komne på avveg,
alle er dei forderva.
Det finst ikkje éin som gjer det gode,
ikkje ein einaste.
13 # Sal 5,10; 140,4 Ei open grav er strupen deira,
på tunga ligg falske ord,
under leppene ormegift,
14 # Sal 10,7 munnen er full av forbanning og harde ord.
15 # Jes 59,7f Lette er dei på foten når dei vil ausa ut blod,
16 der dei fer, er det øydelegging og naud,
17 og freds veg kjenner dei ikkje.
18 # Sal 36,2 Frykt for Gud har dei ikkje for auge.
19 # Gal 3,21f Vi veit at alt det lova seier, det seier ho til dei som har lova, så kvar munn skal teia og heile verda stå skuldig for Gud. 20#Sal 143,2; Rom 7,7; Gal 2,16 Ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev. Lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.
Rettferd ved trua
21 # 1,17; Fil 3,9 # 3,21 lova og profetane ei samlenemning for heile GT. Jf. Matt 5,17; 7,12. Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. 22#10,12; Gal 2,16 Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23#3,9 for alle har synda og manglar Guds herlegdom. 24#Matt 20,28+; Ef 1,7; 2,8; Tit 3,5ff#3,24 frikjøpte Uttrykket blir ofte brukt om slavar som vart kjøpte fri med løysepengar. =slektssamfunn og justis. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus. 25#2 Mos 25,17; 3 Mos 16,14ff; Apg 13,38f; 1 Joh 2,2; 4,10#3,25 soningsstaden På den store soningsdagen (3 Mos 16) bar øvstepresten fram eit syndoffer for heile folket og skvette blod på «soningsstaden», truleg ein ting oppå lovkista. Jf. 2 Mos 25,21f; Hebr 9,5. Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde. 26Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus. 27Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28#4,5; Gal 2,16; Ef 2,8f For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar. 29Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg. 30#Apg 15,9.11#3,30 Gud er éin den jødiske truvedkjenninga, sjemá (hebr. for «Høyr!»). Jf. 5 Mos 6,4. For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua. 31#8,4 Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

Currently Selected:

Romarane 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy