1. Mosebok 12
12
Gud segjer til Abram at han skal fara ut frå landet og ætti si, og gjev han store lovnader, 1-3. Abram gjer som Gud hev sagt han fyre, og kjem til Kana'an; der flytter han frå stad til stad, 4-9. Det vert uår i landet, og han fer til Egyptarland; der tek dei kona frå han, men han fær henne attende, 10-20.
1Då sa Herren til Abram: Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg!#Jos 24,3; Apg 7,3; Hebr 11,8; Matt 19,29 2Og eg vil gjera deg til eit stort folk og velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning! 3Og eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jordi velsignast.#1 Mos 18,18; 22,18; 26,4; 27,29; 28,14; 4 Mos 24,9; Apg 3,25; Gal 3,8 4So tok Abram ut, som Herren hadde sagt han fyre, og Lot var med han. Og Abram var fem og sytti år gamal då han flutte frå Karan. 5Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Karan, og dei tok ut og vilde fara til Kana'ansland, og dei kom til Kana'ansland. 6Og Abram for framigjenom landet alt til Sikemsbygdi, til terebintelunden åt More. Og kana'anitane budde då der i landet. 7Då synte Herren seg for Abram og sa: Dette landet vil eg gjeva ætti di! Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.#1 Mos 13,15; 15,18-21; 17,8; 24,7; 26,3-4; 28,13; 5 Mos 34,4; Jos 21,43; Neh 9,8 8Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel og sette upp tjeldbui si so han hadde Betel i vest og Ai i aust. Og der bygde han Herren eit altar og kalla på Herren.#1 Mos 28,19 9Sidan muna Abram seg etter kvart framigjenom til sudlandet.#12,9 sudlandet d. e. sudparten av Kana'an. 10So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.#1 Mos 26,1; 41,57 11Då det leid so langt at han mest var komen til Egyptarland, sa han til Sarai, kona si: Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinna. 12Og det kjem til å ganga so at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: Dette er kona hans! Og so slær dei meg i hel, men deg let dei leva. 13Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!#1 Mos 20,2.12; 26,7 14Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kvinna og tykte ho var ovfager. 15Og hovdingane åt Farao såg henne og rosa henne for Farao. So vart kvinna henta til huset åt Farao. 16Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drenger og gjentor og asenfyljor og kamelar. 17Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plagor for Sarai skuld, kona hans Abram.#Sal 105,14 18Då kalla Farao Abram til seg og sa: Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di? 19Kvi sa du at ho er syster di, so eg tok henne til kona? Sjå der hev du kona di! Taka henne og far din veg! 20Og Farao sette nokre menner til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.
Zur Zeit ausgewählt:
1. Mosebok 12: NO1938N
Markierung
Teilen
Kopieren
Möchtest du deine gespeicherten Markierungen auf allen deinen Geräten sehen? Erstelle ein kostenloses Konto oder melde dich an.
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2