YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 3

3
I ei syn ser profeten øvstepresten Josva standa framfor Herrens engel i folket sin stad, og korleis Gud forsvarar folket sitt mot Satans klagemål, tilgjev dei syndene deira og helgar dei. Framleides høyrer han korleis Herren lovar Josva si signing og hjelp, so framt han er trugen, og korleis han lovar å senda Messias og ved han hava umsut for lyden sin og gjeva han syndeforlating og fred, 1-10.
1So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga han.#Esra 2,2; 3,2 2Men Herren sa til Satan: Herren refse deg, Satan! Herren refse deg, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne mannen her ein brand som er berga ut or elden?#Jud 1,9; Sak 1,17; 2,16; Am 4,11 3Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen. 4Då tok engelen til ords og sa til dei som stod framfor han: Tak av han dei skitne klædi! Og til han sjølv sa han: Sjå, eg tek burt syndeskuldi di og klæder deg i høgtidsbunad!#2 Sam 12,13; Jes 6,7; 61,10; Op 3,5; 6,11 5Då sa eg: Set ei rein huva på hovudet hans! Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på han andre klæde medan Herrens engel stod der. 6Då vitna Herrens engel for Josva og sa: 7So segjer Herren, allhers Gud: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine bod, so skal du og få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg førarar millom desse som her stend.#Sal 91,11#3,7 stend millom englane; Salm. 91,11. 8Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og venene dine, som sit her framfyre deg, de er varselsmenner. For sjå, eg vil lata min tenar Renning koma;#Sak 6,12; Jer 23,5; Jes 8,18; 11,1; 42,1#3,8 varselsmenner fyrebilete; Es. 8,18.#3,8 Renning Messias, renningen av Davids-ætti. 9for sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo! Sjå, eg ritar på han innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers Gud, og eg tek burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.#Op 5,6; Sak 4,10#3,9 augo 4,10. Openb. 5,6. 10På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal de beda kvarandre til gjestebod under vintreet og fiketreet.#1 Kong 4,25; Mi 4,4

Currently Selected:

Sakarja 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in