YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 14

14
Herren skal lata alle folki slå seg saman mot Jerusalem; dei skal hertaka og herja byen og føra helvti av byfolket burt, 1-2. So skal Herren draga ut mot sitt folks fiendar og frelsa den andre helvti av det og sidan koma med dei heilage englane sine og fullenda sitt rike på jordi, 3-5. Etter at det fyrst hev vore myrker, skal frelseljoset renna når ein minst ventar det, 6-7; frå Jerusalem skal ein straum av signing breida seg yver heile landet, 8-11; fiendane, som hev gjenge mot byen, skal verta tynte på alle måtar, 12-15; dei som vert att av dei, skal verta lemer av hans rike og koma til Jerusalem og tilbeda Herren; dei som ikkje gjer dette, fær ikkje hans signing, 16-19; all skilnad millom heilag og vanheilag og all blanding av gudlege og ugudlege skal taka slutt; alt skal vera heilagt, 20-21.
1Sjå, det kjem ein Herrens dag, då det herfanget dei hev teke frå deg, skal skiftast ut inne i deg;#Esek 38,3-9; Op 20,8-9 2for eg vil samla alle heidningfolki til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnone skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.#Sak 12,3 3For Herren skal fara ut og strida mot desse heidningfolki, som han stridde fyrr på slagdagen.#2 Mos 14,14; 15,3; Jos 10,10-11.14 4På den dagen skal han standa med føtene på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord, og andre helvti mot sud. 5Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå radt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagane då Ussias var konge i Juda. Då skal han koma, Herren min Gud, og alle heilage med deg, min Gud.#Am 1,1; Matt 25,31; Mark 8,38; Mi 1,11#14,5 Asel Mika 1,11. Am. 1,1. Matt. 25,31. Mark. 8,38. 6På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; dei herlege himmel-ljosi skal myrkna.#Joel 3,20; Matt 24,29 7Og det skal koma ein makelaus dag - Herren kjenner han - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost. 8På den dagen skal det strøyma levande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.#Esek 47,1; Joel 3,23; Op 22,1 9Då skal Herren verta konge yver heile landet; på den dagen skal Herren vera EIN, og namnet hans eitt.#Sal 97,1; Joh 17,3; Ef 4,5 10Heile landet skal verta som Moane, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, alt ifrå Benjaminsporten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersone åt kongen.#Jer 31,38; Neh 3,1#14,10 Moane d. e. Jordandalen.#14,10 sjølv Jerusalem. 11Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir; Jerusalem skal liggja der trygt.#Mal 4,6; Op 22,3; Jer 33,16 12Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holone sine, og tunga skal rotna i munnen på dei. 13På den dagen skal ei stor redsla frå Herren koma yver dei, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. 14Juda og skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd. 15Den same refsingi skal og koma yver hestane og muldyri og kamelane og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.#14,15 refsingi V. 12. 16Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og tilbeda Kongen, Herren, allhers Gud, og høgtida lauvhyttehelgi.#Mal 1,14; 3 Mos 23,34-44 17Men um noko av folki på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, allhers Gud, so skal det ikkje koma regn hjå dei; 18dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal det ikkje koma regn hjå dei heller; den same refsingi skal koma yver dei som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi. 19Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi. 20På den dagen skal det standa på bjøllene åt hestane: Helga til Herren, og grytone i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret,#1 Sam 2,14; 2 Mos 27,3; 28,36 21og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, allhers Gud, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av dei og koka i dei; og det skal ikkje meir finnast nokon kana'anit i huset åt Herren, allhers Gud, på den dagen.#Op 21,27; Jes 35,8; 52,1; Joel 3,22#14,21 kana'anit Es. 35,8; 52,1. Joel 3,22. Openb. 21,27.

Currently Selected:

Sakarja 14: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Sakarja 14