YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 20

20
Likningi um arbeidsfolki i vingarden, 1-16. Jesus segjer tridje gongen fyreåt at han skal lida og døy og standa upp att, 17-19, refser Sebedeus-sønene og manar til audmykt, 20-28; lækjer tvo blinde ved Jeriko, 29-34.
1For himmelriket kann liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg um morgonen og vilde leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2Han vart samd med arbeidsfolki um ein pening for dagen, og sende dei burt i vingarden. 3So gjekk han ut ikring den tridje timen og fekk sjå nokre andre som stod gjerandslause på torget. 4Han sa til dei: Gakk de og burt i vingarden, og det som rett er, skal de få. So gjekk dei. 5Sidan gjekk han ut ikring den sette og niande timen og gjorde like eins. 6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han segjer til dei: Kvi stend de her arbeidslause heile dagen? 7Av di ingen hev leigt oss, svara dei. Då sa han: Gakk de og burt i vingarden! 8Um kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Ropa inn arbeidsfolket og lat dei få løni si! Tak til med dei siste og haldt fram til dei fyrste! 9So kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein pening kvar. 10Då dei fyrste kom, tenkte dei at dei skulde få meir; men dei fekk og kvar sin pening; 11då dei fekk den, mukka dei mot husbonden og sa: 12Desse siste hev ikkje arbeidt meir enn ein time, og so gjev du dei likt med oss som hev slite og sveitta heile dagen! 13Då svara han ein av dei: Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var me ikkje samde um ein pening? 14Tak du ditt og gakk! Men eg hev hug til å gjeva denne siste likso mykje som deg. 15Hev eg ikkje lov til å gjera med mitt som eg vil? Eller ser du ilt til det at eg gjer vel?#Mark 7,22; Ordt 23,6-7 16Soleis skal dei siste vera dei fyrste, og dei fyrste dei siste; for mange er kalla, men få utvalde.#Matt 19,30; Mark 10,31; Luk 13,30; Matt 22,14 17Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, tok han dei tolv læresveinane til sides og sa til dei:#Mark 10,32-34; Luk 18,31-34 18No fer me upp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på øvsteprestane og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma han frå livet#Matt 16,21; 17,22-23 19og gjeva han yver til heidningane, so dei skal spotta og hudfletta og krossfesta han; men tridje dagen skal han standa upp att. 20Då kom mor åt Sebedeus-sønene til han med sønene sine, og fall på kne og bad han um noko.#Mark 10,35-45 21Kva er det du vil? spurde han. Ho svara: Seg at desse tvo sønene mine skal få sitja innmed deg i riket ditt, den eine på di høgre og den andre på di vinstre sida! 22De veit ikkje kva de bed um, sa Jesus. Kann de drikka den skåli som eg lyt drikka? Dei svara: Ja, det kann me.#Matt 26,39.42; Joh 18,11 23Då sa han: Mi skål skal de nok drikka, men sæte ved mi høgre og vinstre sida kann ikkje eg gjeva nokon; det lyt dei få som Far min hev etla det åt. 24Då dei ti høyrde det, vart dei harme på dei tvo brørne. 25Då kalla Jesus dei kring seg og sa: De veit at fyrstane råder yver folki sine, og dei store hev velde yver dei.#Luk 22,25-30 26Men so skal det ikkje vera hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre, 27og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dei andre.#Matt 23,11; Mark 9,35 28Menneskesonen er ikkje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepening for mange.#Fil 2,7-8; 1 Tim 2,6; Tit 2,14; 1 Pet 1,18-19 29Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med han.#Mark 10,46-52; Luk 18,35-43 30Attmed vegen sat det tvo blinde, og då dei høyrde at Jesus for framum, ropa dei: Herre, gjer sælebot på oss, Herre, du Davids son!#Matt 9,27-31 31Folket truga dei og sa dei skulde tegja; men dei ropa endå meir: Herre, gjer sælebot på oss, du som er Davids son! 32Då stana Jesus og ropa på dei og sa: Kva vil de eg skal gjera for dykk? 33Herre, lat oss få att syni! svara dei. 34Jesus tykte synd i dei og tok burt på augo deira; og med ein gong kunde dei sjå, og dei fylgde han.

Currently Selected:

Matteus 20: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in