YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 23

23
Jesus for Pilatus og Herodes, 1-25; han vert krossfest, bed for mordarane sine, trøystar den botferdige røvaren og døyr, 26-49; han vert gravlagd, 50-56.
1Då reiste dei seg, heile hopen, og førde han fram for Pilatus#Matt 27,2; Mark 15,1-15; Joh 18,28-40 2og tok til å klaga på han. Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt, sa dei; han forbyd dei å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge.#Luk 20,25; Apg 17,7 3Då tok Pilatus til ords og spurde han: Er du kongen yver jødane? - Det er som du segjer, svara han.#Matt 27,11-26; 1 Tim 6,13 4Pilatus sa til øvsteprestane og folket: Eg finn ingi skuld hjå denne mannen. 5Då tok dei sterkare i og sa: Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilea, og no hev han kome alt hit. 6Då Pilatus høyrde det, spurde han um mannen var frå Galilea, 7og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes' velde, sende han Jesus til han; for Herodes var og i Jerusalem i dei dagane.#Luk 3,1 8Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå han; for han hadde høyrt mykje um han og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av han.#Luk 9,9 9Han spurde han um mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord. 10Øvsteprestane og dei skriftlærde stod der og klaga på han so sterkt dei kunde. 11Og Herodes med hermennene sine svivyrde og hædde han, kasta ei brikjeleg kåpa um han og sende han so attende til Pilatus. 12Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom dei.#Apg 4,27 13So kalla Pilatus i hop øvsteprestane og rådsherrane og folket 14og dei sa til dei: De hev ført denne mannen fram for meg og skulda han for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt han ut so de hev høyrt på det, men eg hev ikkje funne han saka i noko av det de klagar han for.#Matt 27,15-26; Mark 15,6-15; Joh 18,38-40; 19,4 15Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til han. So kann de sjå at han hev ikkje gjort noko som han skulde lata livet for. 16Difor vil eg refsa han og so gjeva han fri. 17Men han laut gjeva dei ein fange fri i høgtidi.#Joh 18,39 18Då ropa dei alle som ein; Burt med han! Gjev oss Barabbas fri!#Apg 3,14 19- so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -. 20På nytt tala Pilatus til dei; for han vilde gjerne gjeva Jesus fri. 21Men dei ropa imot: Krossfest han, krossfest han! 22So tala han til dei tridje gongen og sa: Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ikkje funne han saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa han og so gjeva han fri. 23Men dei braut på og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket. 24Då dømde Pilatus so at det skulde vera som dei kravde. 25Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til dei, so dei kunde gjera med han som dei vilde. 26Då dei førde han burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon og var frå Kyrene; han la dei krossen på, so han skulde bera han etter Jesus.#Matt 27,32; Mark 15,21 27Ein stor folkehop fylgde han; bland dei var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld. 28Jesus snudde seg til dei og sa: Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar! 29For det kjem dagar då dei skal segja: Sæle dei barnlause! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri gav suga! 30Då kjem dei til å segja til fjelli: Fall yver oss! og til haugane: Gøym oss!#Hos 10,8; Op 6,16; 9,6 31For fer dei so med det grøne treet, korleis skal det då ganga med det turre?#1 Pet 4,18 32Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med han og skulde lata livet.#Jes 53,12; Joh 19,17-18 33Då dei kom til den staden som dei kallar Skallen, krossfeste dei han der, og like eins illgjerningsmennene, den eine på høgre og den andre på vinstre sida.#Matt 27,33.38; Mark 15,22.27 34Men Jesus sa: Fader, forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer! So skifte dei klædi hans millom seg og kasta lut um dei.#Jes 53,12; Apg 7,60; Sal 22,19; Matt 27,35; Mark 15,24; Joh 19,23-24 35Folket stod og såg på; og rådsherrane spotta og sa: Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde!#Matt 27,41-50; Mark 15,31-41 36Hermennene gjorde og narr av han; dei gjekk fram og rette han eddik og sa: 37Er du kongen yver jødane, so hjelp deg sjølv! 38Og uppyver han var det ei innskrift: Dette er kongen yver jødane.#Matt 27,37; Mark 15,26; Joh 19,19 39Ein av illgjerningsmennene som hekk der, hædde han og sa: Er ikkje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss! 40Då tok den andre til ords og skjemde på han og sa: Hev du ikkje ein gong otte for Gud, du som er under same domen? 41Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko gale. 42Jesus, sa han, kom meg i hug når du kjem i ditt rike! 43Det segjer eg deg for visst, svara Jesus: I dag skal du vera med meg i Paradis. 44Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet alt til den niande timen,#Matt 27,45.51; Mark 15,33.38 45og soli svartna. Forhenget i templet rivna midt i tvo. 46Og Jesus ropa med høg røyst: Fader, i dine hender gjev eg mi ånd! Då han hadde sagt det, andast han.#Sal 31,6; Matt 27,50; Mark 15,37; Apg 7,59-60 47Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sa: Den mannen var sanneleg skuldlaus!#Matt 27,54; Mark 15,39 48Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende. 49Men alle venene hans og dei kvinnone som hadde fylgt han frå Galilea, stod langt undan og såg på.#Matt 27,55-56; Mark 15,40-41 50Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det høge rådet,#Joh 19,38-42 51men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningane deira; han åtte heime i Arimatea, ein by i Jødeland, og var ein av dei som venta på Guds rike -#Luk 2,25.38 52den mannen gjekk til Pilatus og bad um lekamen åt Jesus, 53tok han ned, sveipte han i fint lin og la han i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i. 54Det var då fyrebuingsdagen, og sabbaten var i kjømdi. 55Nokre av dei kvinnone som hadde vore med han frå Galilea, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis lekamen hans vart lagd.#Luk 8,2-3 56So gjekk dei heim att og laga til angande kryddor og salvar. Sabbaten yver heldt dei seg i ro etter lovi.#2 Mos 20,10

Currently Selected:

Lukas 23: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in