Johannes 7
7
Jesus fer upp til Jerusalem til lauvhyttehelgi, 1-10; folket dømer ulikt um han, 11-13. Han vitnar um at han er send frå Gud, og forsvarar at han hev lækt på sabbaten, 14-24; sume vandar han, andre trur på han, rådet sender ut tenarar som skal gripa han, 25-32. Jesus vitnar um at han snart skal ganga til Faderen, men vert møtt med spott, 33-36; talar um det nye livet som Anden skal verka hjå dei som trur på han, 37-39; folket dømer atter ulikt um han, 40-44. Tenarane kjem attende til rådet med ugjort; farisearane i rådet kallar Jesus ein folke-dårar, Nikodemus forsvarar han, 45-53.
1Sidan for Jesus kringum i Galilea; han vilde ikkje ferdast kring i Judea; for jødane la seg ut um å få drepe han. 2So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi.#3 Mos 23,34-44 3Då sa brørne hans til han: Flytt herifrå og far til Judea, so læresveinane dine og kann få sjå dei verki du gjer!#Matt 12,46 4For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi! 5For brørne hans trudde ikkje på han, dei heller.#Mark 3,31 6Jesus svara: Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid.#Joh 2,4 7Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho for di eg vitnar um henne at gjerningane hennar er vonde.#Joh 15,18; 3,19 8Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.#Joh 7,6.30; 8,20 9Dette sa han til dei, og vart verande i Galilea. 10Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd. 11Jødane leita no etter han på høgtidi og sa: Kvar er han, denne mannen?#Joh 11,56 12Og det vart mykje mulling um han millom folket; sume sa: Det er ein god mann! andre sa: Nei, han forvillar folket.#Joh 9,16 13Men ingen tala fritt ut um han; for dei var redde jødane.#Joh 9,22; 12,42 14Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde. 15Jødane undra seg og sa: Kvar hev han sin lærdom frå, han som ikkje hev gjenge nokon skule?#Matt 13,54.56 16Då tok Jesus til ords og sa til dei: Mi læra er ikkje mi; men hans som sende meg.#Joh 8,28; 12,49; 14,10.24 17Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv. 18Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt han, er sannordig, og det finst ikkje urett i han.#Joh 5,41 19Hev ikkje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi! Kvi tenkjer de på å drepa meg?#Apg 7,53; Joh 7,1; 5,18; Matt 12,14 20Du er forgjord! svara folket, kven tenkjer på å drepa deg?#Joh 8,48.52; 10,20 21Jesus svara dei so: Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver.#Joh 5,5-15 22Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneske på sabbaten.#3 Mos 12,3; 1 Mos 17,10-14 23Når no eit menneske kann umskjerast på sabbaten, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneske godt att på ein sabbat? 24Døm ikkje etter utsjånaden, men lat domen dykkar vera rettferdig! 25Det var nokre av Jerusalems-buane som sa: Er ikkje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa?#Joh 7,1; 5,18 26og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til han! Skulde dei styrande verkeleg ha vorte yvertydde um at han er Messias? 27Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.#Joh 6,42 28Difor ropa Jesus medan han lærde i templet: Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i sanning ein som hev sendt meg, han som de ikkje kjenner;#Joh 8,42.55 29eg kjenner han; for eg kjem ifrå han, og det var han som sende meg.#Matt 11,27; Joh 10,15 30Då vilde dei gripa han; men ingen la hand på han; for endå var ikkje tidi hans komi.#Joh 8,20; Luk 22,53 31Men mange av folket trudde på han og sa: Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?#Joh 8,30 32Farisearane høyrde at folket mulla soleis um han, og øvsteprestane og farisearane sende tenarar som skulde gripa han. 33So sa Jesus: Endå eit lite bel er eg hjå dykk, so gjeng eg til han som hev sendt meg;#Joh 8,21; 12,35 34de skal leita etter meg, og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma. 35Då sa jødane seg imillom: Kvar vil han fara av, sidan me ikkje skal finna han? Tru han vil fara til dei som bur rundt ikring millom grekarane, og læra grekarane? 36Kva meinte han med dei ordi han sa: De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma? 37Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: Er det nokon som er tyrst, so lat han koma til meg og drikka!#3 Mos 23,34-44; Jes 55,1; Joh 4,14; 6,35; Op 22,17 38Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med levande vatn.#Jes 12,3; 44,3 39Det sa han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på han; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.#Joel 3,1; Joh 14,16-17; 16,7; Apg 2,1-13 40Sume bland folket sa då dei høyrde dei ordi: Dette er visst og sant profeten.#5 Mos 18,15.18; Joh 1,21; 6,14 41Andre sa: Det er Messias. Men sume sa: Messias kjem då vel ikkje frå Galilea? 42Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt og kjem frå Betlehem, den byen som David åtte heime i?#2 Sam 7,12; Sal 132,11; Mi 5,1; Luk 2,4 43Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld,#Joh 7,12 44og sume av dei var huga til å gripa han, men ingen la hand på han.#Joh 7,30 45Då tenarane kom attende, sa øvsteprestane og farisearane til dei: Kvi tok de han ikkje med dykk?#Joh 7,32 46Tenarane svara: Aldri hev noko menneske tala som han! 47Då sa farisearane: Hev de og late dykk dåra? 48Er det nokon av dei styrande som trur på han, eller av farisearane?#1 Kor 1,26-31; 2,8 49Men denne mugen som ikkje kjenner lovi, er forbanna. 50Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira, segjer:#Joh 3,1-2; 19,39 51Dømer lovi vår nokon mann fyrr dei hev høyrt på han og fenge vita kva han hev gjort?#2 Mos 23,1; 5 Mos 1,16-17; 17,4.8-13; 19,15-21 52Er du og frå Galilea, kann henda? svara dei. Granska etter, so fær du få sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilea! 53So gjekk kvar heim til seg.
Currently Selected:
Johannes 7: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2