Johannes 12
12
Jesus vert salva i Betania, 1-8. Øvsteprestane rådlegg um å drepa Lasarus og, 9-11. Jesus rid inn i Jerusalem, 12-19. Jesus vitnar siste gongen for folket: han segjer fyreåt at han skal døy, og segjer at han kvider for dauden; Faderen svarar han i ei røyst frå himmelen; Jesus talar fyreåt um domen yver verdi og Satan og tel folket til å nytta siste nådefresten, 20-36. Attersyn av evangelisten: Jødefolket, som ligg under forherdingsdomen, hev ikkje trutt på Jesus trass i alle teikni hans, 37-43; Jesu dom yver denne vantrui, 44-50.
1Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude.#Matt 26,6-13; Mark 14,3-9 2Der gjorde dei eit gjestebod for han; Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han. 3Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardesalve og salva føtene åt Jesus, og turka føtene hans med håret sitt; og huset vart fullt av salve-angen.#Joh 11,2 4So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinane hans, han som sidan sveik han: 5Kvi vart ikkje denne salven seld for tri hundrad peningar og gjeven til fatigfolk? 6Det sa han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde pungen, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der.#Joh 13,29 7Då sa Jesus: Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min. 8For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid. 9No fekk ei stor mengd av jødane vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus som han hadde vekt upp frå dei daude.#Joh 11,43-44 10Då la øvsteprestane upp råd um å drepa Lasarus og; 11for mange av jødane gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus.#Joh 11,45 12Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem. 13Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!#Matt 21,1-11; Mark 11,1-11; Luk 19,29-40; Sal 118,25-26 14Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend: 15Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konge ridande på ein asenfole.#Jes 62,11; Sak 9,9 16I fyrstninga skyna ikkje læresveinane dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um han, og at dei hadde gjort det so for han.#Joh 2,22 17Folkehopen som var med han, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt han upp frå dei daude. 18Difor var det og folket kom imot han; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet. 19Då sa farisearane seg imillom: Der ser de, det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter han! 20Det var nokre grekarar der, av dei som jamleg for upp og tilbad på høgtidi; 21dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilea, og bad han: Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!#Joh 1,44-45 22Filip gjeng og segjer det til Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det til Jesus. 23Jesus svara dei so: Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast!#Joh 13,32; 17,1 24Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda.#1 Kor 15,36 25Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit æveleg liv.#Matt 10,39; 16,25; Luk 17,33 26Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, han skal Faderen æra.#Joh 14,3; 17,24; 1 Tess 4,17 27No er sjeli mi full av uro, og kva skal eg segja: Fader, frels meg frå denne stundi? Men nei, difor er det eg hev kome til denne stundi -#Matt 26,38-39; Luk 12,50 28Fader, herleggjer namnet ditt! Då kom det ei røyst frå himmelen: Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det. 29Folket som stod der og høyrde det, sa at tora hadde slege. Andre sa: Det var ein engel som tala til han. 30Då tok Jesus til ords og sa: Det var ikkje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld.#Joh 11,42 31No gjeng det dom yver denne verdi, no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut.#Joh 16,11 32Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.#Joh 3,14; 6,44 33Det sa han for å syna kva slag avferd han skulde få. 34Folket svara: Me hev høyrt av lovi at Messias lever æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskesonen?#2 Sam 7,13; Sal 89,30.37-38; 110,4; Jes 9,6-7; Esek 37,25; Dan 2,44; 7,14 35Då sa Jesus til dei: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av.#Joh 1,9; 8,12; 11,10 36So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset. Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for dei.#Ef 5,8 37Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han; 38det skulde sannast det ordet som profeten Esaias hev tala: Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?#Jes 53,1; Rom 10,16 39Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Esaias sagt:#Jes 6,9-10; Matt 13,14; Apg 28,26-29 40Han hev gjort augo deira blinde og gjort hjarta deira hardt, so dei ikkje skal sjå med augo og skyna med hjarto og venda um, so eg kunde få lækja dei. 41So sa Esaias for di han såg hans herlegdom og tala um han.#Jes 6,1-7 42Like vel var det då mange, jamvel av styresmennene, som trudde på han; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisearane skuld; dei var redde dei kunde verta utstøytte or synagoga;#Joh 9,22 43for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud.#Joh 5,44 44Men Jesus ropa ut: Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg, 45og den som ser meg, ser han som sende meg.#Joh 10,30; 14,9 46Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret.#Joh 12,35 47Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på dei, so dømer ikkje eg han; for eg er ikkje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi.#Joh 3,17 48Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer han: ordet eg hev tala, det skal døma han på den siste dag.#Joh 3,18 49For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala;#Joh 14,10 50og eg veit at hans fyresegn er eit æveleg liv. So talar eg då det som eg talar, heiltupp so som Faderen hev sagt meg.
Currently Selected:
Johannes 12: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2