YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 1

1
Eit fyreord av Johannes um Jesus, kven og kva han er, 1-18: Guds Son, det ævelege «Ordet», som verdi vart skapt ved, er einaste livet og ljoset åt menneskja, 1-5. Denne Guds Son hadde døyparen Johannes vitna um, og sidan stod han sjølv fram i verdi, millom sitt eige folk Israel; berre nokre få tok imot han og vart med det Guds born, 6-13. For å kunna standa fram i verdi soleis vart Guds Son menneske; læresveinane skoda herlegdomen hans, og det som døyparen hadde vitna um han, vart stadfest ved det dei alle fekk røyna: med di han gjorde Faderen i himmelen kjend for dei, gav han dei lut i nåden og sanningi som han sjølv var fyllt av, 14-18. Døyparen vitnar um Jesus, 19-34. Jesus kallar dei fyrste læresveinane sine, 35-52.
1I upphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.#1 Joh 1,1-2; Op 19,13; 1 Joh 5,20 2Han var i upphavet hjå Gud.#Ordt 8,22-31 3All ting vart til ved han, og utan han vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til.#Sal 33,6; Kol 1,16; Hebr 1,2.10 4I han var liv, og livet var ljoset åt menneski.#1 Joh 5,11 5Og ljoset skin i myrkret, og myrkret tok ikkje imot det.#Joh 8,12; 9,5; 12,46; 3,19 6Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes var namnet hans.#Matt 3,1; Mal 3,1; 4,5 7Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved han. 8Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset. 9Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneske, var den gongen på veg til verdi. 10Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved han, og verdi kjende honom ikkje. 11Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans,#Rom 8,15-17; Gal 3,26; 2 Pet 1,3; 1 Joh 3,1 13som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud.#Joh 3,5; Jak 1,18; 1 Pet 1,23 14Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans - ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin - full av nåde og sanning.#Luk 1,31; Jes 40,5; 60,1; Matt 17,1-9; 2 Pet 1,16-17; Kol 1,19; 2,9 15Johannes vitnar um han og ropar ut: Han var det eg sa soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.#Joh 1,27; 3,31; Matt 3,11; Mark 1,7 16Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;#Joh 1,14 17for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi kom ved Jesus Kristus. 18Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort han kjend.#2 Mos 33,20; 1 Tim 6,16; 1 Joh 4,12; Matt 11,27; Joh 6,46 19So var vitnemålet Johannes gav då jødane sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja han: Kven er du?#Joh 5,33 20Då sa han beint ut, og dulde ikkje for det; han sa beint ut: Eg er ikkje Messias.#Joh 3,28; Apg 13,25 21Kva er du då? spurde dei. Er du Elias? - Nei, det er eg ikkje, sa han. Er du profeten? - Nei, svara han.#5 Mos 18,15.18 22Kven er du? sa dei då - so me hev eit svar å gjeva dei som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv? 23Han sa: Eg er røysti som ropar i heidi: Jamna vegen åt Herren! som profeten Esaias segjer.#Jes 40,3; Matt 3,3 24Dei som var sende, høyrde til farisearflokken. 25So spurde dei han: Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elias, og ikkje profeten? 26Eg døyper med vatn, svara Johannes; midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner:#Matt 3,11 27han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt. 28Dette gjekk fyre seg i Betania på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte. 29Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg og segjer: Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd!#2 Mos 12,3-13; 1 Kor 5,7; 1 Pet 1,19 30Det er han eg sa det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.#Joh 1,15 31Eg kjende han ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn. 32Og Johannes vitna: Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver han.#Matt 3,16 33Eg kjende han ikkje; men han som sende meg til å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.#Apg 1,5 34Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son. 35Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinane sine. 36Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: Sjå der er Guds lamb!#Joh 1,29 37Dei tvo læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus. 38Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter han, sa han til dei: 39Kva vil de? - Kvar bur du, rabbi? spurde dei - rabbi tyder meister -. 40Kom, so skal de sjå! svara han. So gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring tiande timen. 41Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus.#Matt 4,18 42Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til han: Me hev funne Messias! - Messias er det same som Kristus -.#Matt 1,16 43Han tok han med seg til Jesus. Jesus såg på han og sa: Du er Simon Johannesson; du skal heita Kefas! - Kefas er det same som Peter -. 44Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilea. Han møter Filip, og segjer til han: Fylg meg! 45Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå. 46Filip møter Natanael, og segjer til han: Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetane hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.#1 Mos 3,15; 22,18; 49,10; 5 Mos 18,18; 2 Sam 7,12-16; Jes 7,14; 9,6; 53,1-3; Jer 23,5-6; Esek 34,23; Dan 9,24-27; Mi 5,1-5; Sak 6,12; 9,9-10 47Kann det koma noko godt frå Nasaret? sa Natanael. Kom og sjå! svara Filip.#Joh 7,41-42 48Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sa um han: Sjå, der er ein ekte israelit, ein som det ikkje finst svik i!#Sal 73,1; 32,2 49Natanael segjer til han: Kvar kjenner du meg ifrå? - Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg, svara Jesus. 50Då tok Natanael til ords og sa til han: Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!#Matt 14,33; 16,16 51Trur du for di eg sa deg at eg hadde set deg innunder fiketreet? svara Jesus. Du skal få sjå større ting enn det. 52Det segjer eg dykk for visst og sant, sa han til han: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskesonen.#1 Mos 28,12; Matt 4,11; Luk 22,43; 24,4

Currently Selected:

Johannes 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in