Jesaja 59
59
Profeten held fram med straffetalen og segjer at naudi åt folket ikkje hev sin grunn i at Gud ikkje kann eller vil hjelpa, men i at folket hev synda so grueleg, 1-15. Gud vil i si rettferd og sin brennhug heimsøkja både Israel og heidningane med harde straffedomar, 16-19; men umsider skal det koma ein utløysar (Messias) for dei botferdige, og Herren skal gjera ei ny, æveleg pakt med dei; hans Ande og ord skal aldri vika frå dei, 20.21.
1Sjå, Herrens hand er ikkje so stutt at han ikkje kann frelsa, og øyra hans er ikkje so tunghøyrt at det ikkje kann høyra.#4 Mos 11,23; Jes 50,2 2Men misgjerningane dykkar er det som skil millom dykk og dykkar Gud, og syndene dykkar hev dult hans åsyn for dykk, so han ikkje høyrer.#Mi 3,4; Jes 1,15; 57,17 3For hendene dykkar er sulka med blod, og fingrane dykkar med misgjerd; lippone dykkar fer med lygn, tunga dykkar talar urett.#Jes 1,15; Esek 23,45; Ordt 6,16-19; Rom 3,13 4Ingen ropar til doms for rettferd, ingen hev ærleg rettargang; dei lit på usanning og talar lygn, dei er umhender med ulukka og føder naud.#Job 15,35; Sal 7,15 5Basilisk-egg klekkjer dei ut, og kongurvev vev dei; den som et deira egg, lyt døy, og krasar du eit, kjem det fram ein hoggorm. 6Deira vevnad vert aldri til klæde, ein kann ikkje hylja seg i deira verk; deira verk er vondskaps verk, og valdsverk er i deira hender.#Job 8,14 7Deira føter spring til det som vondt er, og er snøgge til å renna ut skuldlaust blod; deira tankar er vondskaps tankar; det er øyding og tjon kvar dei fer.#Ordt 1,16; Rom 3,15-20 8Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor; dei fer på krokute stigar; ingen som set foten på dei, veit av fred. 9Difor er retten langt burte frå oss, og rettferdi når oss ikkje; me ventar på ljos, og so finn me myrker, me ventar på berre solskin, men lyt ferdast i svartaste natt.#Jes 58,10; 59,11#59,9 retten V. 11. 10Me trivlar som blinde langs vegen, me trivlar som folk utan augo; midt på dagen snåvar me som i skumingi, millom friske er me som døyande.#5 Mos 28,29; 2 Pet 1,9 11Me gryler alle som bjørnar, og som duvor kurrar me; me ventar på retten, men han kjem ikkje, på frelsa, men ho er langt burte frå oss.#Jes 38,14; Esek 7,16; Nah 2,8; Jes 59,9 12For våre brot er mange for deg, og våre synder vitnar imot oss; ja, me hev våre brot for augo, og våre misgjerningar veit me um:#Sal 38,5; 51,5; Jer 3,13 13Me hev falle ifrå og neitta Herren, me hev gjenge burt frå vår Gud; me hev tala um trælking og fråfall, me hev avla ljugarord i hjarta og sagt dei.#2 Pet 2,1; Sal 5,7.10 14Difor er retten halden att, og rettferdi stend langt burte; for sanningi hev snåva på tinget, og det rette vinn ikkje fram,#Jes 59,9.11#59,14 retten V. 9.11. 15og sanningi vart burte, og den som held seg frå vondt, vart plundra. Og Herren såg det og mislika at det ikkje fanst nokon rett;#Sal 12,2; Hos 4,1 16han såg at ingen steig fram, og han undrast at ingen førde hans sak. Då kom hans arm han til hjelp, og hans rettferd var han til studnad;#Jes 63,5; Sal 98,1 17han tok rettferd på seg til brynja, sette frelse-hjelm på sitt hovud, hemn-klæde tok han til klædnad og sveipte brennhug um seg til kåpa.#Ef 6,14.17; 1 Tess 5,8 18Etter deira gjerningar skal han løna dei, med harm yver sine motmenner, med hemn yver sine fiendar; øylandi skal få lika for det dei hev gjort. 19Og i Vesterland skal dei ottast Herrens namn, og i Austerland hans herlegdom; for han kjem som ein innestengd foss som Herrens storm driv fram.#Mal 1,11; Jes 45,6; 30,27.33 20Og det skal koma ein utløysar for Sion og for dei som vender um frå synd i Jakob, so er Herrens ord.#Jes 1,27; Rom 11,26 21Og dette er den pakt som eg på mi sida gjer med dei, segjer Herren: Min Ande, som er yver deg, og mine ord, som eg hev lagt deg i munnen, dei skal ikkje vika frå din munn, og ikkje frå munnen åt borni dine, og ikkje heller frå munnen åt barneborni dine, segjer Herren, frå no og i all æva.#Jes 51,16; Jer 1,9
Currently Selected:
Jesaja 59: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2