Jesaja 58
58
Herren bed profeten halda ein streng straffetale for det ugudlege Israel, og han gjer so. Israel lit på si fasta og sine bøner og krev at Herren skal fria det or hendene på dei heidne valdsherrane, og klagar for di han ikkje gjer det. Men deira fasta er ikkje rett, for ho gjeng saman med verdsleg strev og kjærleikslaus åtferd, 1-4. Den rette fasta er ikkje den som berre er utvertes, men den som gjeng saman med sælebotsgjerningar, 5-7. Vil folket fasta soleis og halda sabbaten heilag, so skal Herren snart høyra bønene det bed, og frelsa det, som han hev lova, 8-14.
1Ropa av full hals, ikkje spar! Lyft di røyst som ein lur og forkynn mitt folk deira brot og Jakobs hus deira synder!#Jes 40,9; Mi 3,8; Jes 62,6; Hos 8,1 2Meg spør dei dag for dag, og mine vegar vil dei vita; liksom dei var eit folk som hev levt i rettferd og ikkje vendt seg frå sin Guds lov, krev dei av meg rettferdige domar; dei vil at Gud skal koma nær til dei!#Mal 2,17; 3,1.5 3Kvifor fastar me, og du ser det ikkje? Kvifor spekjer me oss, og du aktar ikkje på det? - Jau, på fastedagen gjer de dykkar gjerning og driv til arbeid alle dykkar folk.#Jer 14,12 4Sjå, de fastar med kiv og strid, med hogg og slag av gudlause nevar; de fastar ikkje soleis no at røysti dykkar kann høyrast i det høge. 5Er det ei faste eg likar, ein dag då eit mennesket spekjer seg? At ein bøygjer hovudet som eit sev og reider seg seng i sekk og oska - kallar du det ei faste og ein dag som er Herren til hugnad?#Sak 7,5 6Er ikkje det ei faste eg likar, at de løyser ugudlegskaps lekkjor, sprengjer bandi på åket, gjev dei nedtyngde fridom og knekkjer kvart eit åk? 7Ja, at du bryt ditt brød åt den svoltne og let heimlause stakkarar koma i hus, at du klæder den nakne du ser, og ikkje dreg deg burt frå ditt kjøt og blod.#Jes 58,6; Job 31,19; Esek 18,7; Rom 12,13; Matt 25,35-46 8Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, og din lækjedom koma brått; di rettferd skal ganga fyre deg, og Herrens herlegdom sist i ferdi.#Sal 37,6; Jes 52,12 9Då skal Herren svara når du kallar på han; når du ropar, skal han segja: Sjå, her er eg! Fær du burt ifrå deg tyngjing med åk, sluttar å peika med fingrane og tala vondt#Jes 30,19; 57,4; 65,1.24#58,9 fingrane d. e. å spotta. 10og gjev den svoltne det du sjølv hev hug på, og mettar ei nedbøygd sjel, då skal ljoset ditt stråla i myrkret, og di natt skal verta som middag.#Sal 97,11; 112,4 11Då skal Herren leida deg alltid og metta deg midt i øydemarki, han skal styrkja beini dine; og du vert som ein velvatna hage, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt. 12Dine søner skal byggja gamle grushaugar upp att, du skal reisa upp tufter som låg i øyde frå ætt til ætt, og dei skal kalla deg «murbrot-bøtar», «han som vøler vegar, so folk kann bu i landet».#Jes 61,4; Am 9,14 13Held du foten din att frå sabbaten, so du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag, kallar du sabbaten ei lyst, Herrens heilagdag høgvyrd, ærar du han, so du ikkje gjeng dine eigne vegar, ikkje gjer di gjerning eller fer med tomt svall -#Jes 56,4 14då skal du frygda deg i Herren, og eg let deg fara yver haugane i landet og let deg njota arven åt Jakob, far din; for Herrens munn hev tala.#5 Mos 32,13
Currently Selected:
Jesaja 58: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2