Jesaja 35
35
Profeten spår at armodsdomen åt Guds folk skal verta umskift til stor herlegdom når Messias kjem, 1.2. Difor skal dei modlause taka mod til seg; for Herren kjem med hemn yver fiendane åt folket sitt, men til frelsa for folket sjølv; han skal hjelpa i all åndeleg og lekamleg naud og føra dei utløyste på ein heilag og trygg veg til æveleg gleda i sitt rike, 3-10.
1Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja. 2Ho skal bløma og fegnast, ja fegnast og syngja med frygd; herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda.#Høgs 2,1; Jes 60,13; 65,10; Jer 50,19 3Styrk dei valne hender og gjer dei ustøde kne sterke!#Sak 8,9.13; Hebr 12,12-17 4Seg til dei urolege hjarto: Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.#Joh 14,1; Jes 40,1.9-10; Sal 94,1-7; Jes 34,8; Rom 12,19; Hos 1,7; Sak 9,9.16 5Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;#Jes 29,18-19; Matt 11,5; 15,30; Luk 4,18; 7,22; Mark 7,32.37 6då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For kjeldor bryt fram i øydemarki, og bekker på den aude heidi, 7og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vasskjeldor; på den staden der sjakalar låg og kvilde, veks sev og røyr. 8Og der skal det vera ein brøytt veg, og dei skal kalla han den heilage vegen; ingen urein skal ganga på han, men han skal vera berre for hans folk; ingen vegfarande, ikkje dårar ein gong, skal fara vilt.#Jes 43,19; Joh 14,6; Op 21,27 9Der skal det ingi løva vera, og inkje rovdyr skal koma upp på han; dei skal ikkje finnast der; men dei utløyste skal ferdast der. 10Og Herrens utløyste skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.#Jes 62,12; 51,11; 65,18; 66,14; Joh 16,22; Op 21,4
Currently Selected:
Jesaja 35: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2