YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 9

9
Gud velsignar Noah og sønene hans; han gjev dei lov til å eta kjøt, men ikkje med blod i; den som tek menneskeliv, skal missa livet, 1-7. Han gjer ei pakt med menneski og liv på jordi, og set regnbogen til eit merke på denne pakt, 8-17. Sønene hans Noah vert upprekna, 18.19. Noah plantar ein vinhage, og vert drukken av vinen; Kam spottar far sin, men Sem og Jafet ærar han; han forbannar Kana'an, son hans Kam, og velsignar Sem og Jafet; han døyr, 20-29.
1Og Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: De skal veksa og aukast og fylla jordi.#1 Mos 1,28 2Age og otte skal dei bera for dykk, alle dyri på jordi og alle fuglane under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskane i havet; i dykkar hender er dei gjevne. 3Alt som røyver seg og lever, skal vera til føda for dykk. Som eg gav dykk dei grøne urtene, so gjev eg dykk alt dette.#1 Mos 1,29 4Men kjøt med sjeli, det er blodet, i, det må de ikkje eta!#3 Mos 17,10-14; 5 Mos 12,23; Apg 15,20.29 5Og berre dykkar eige blod vil eg hemna; eg vil krevja det att av kvart dyr, og av mennesket og; kvar manns liv vil eg krevja att av hans bror. 6Den som tek manns blod, hans blod skal menner taka; for i Guds likning skapte han mannen.#2 Mos 21,12; Matt 26,52; 1 Mos 1,27#9,6 han Gud. 7Men de skal veksa og aukast; de skal yrja på jordi og auka dykk på henne. 8Og Gud sa til Noah og sønene hans, som var med han; 9No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10og med kvart eit levande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei vill dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som lever på jordi. 11Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt kjøt tynast i flaumen; og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.#1 Mos 8,21; Jes 54,9 12Og Gud sa: Dette er merket på pakti eg set millom meg og dykk og kvart levande liv som hjå dykk er, til æveleg tid: 13Bogen min set eg i skyi; han skal vera eit merke på pakti millom meg og jordi. 14Og so tidt eg let skyer skyggja yver jordi, og bogen ter seg i skyi, 15då skal eg koma i hug den pakti som er millom meg og dykk og kvart levande liv av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir verta ei flod som tyner alt kjøt. 16So skal bogen standa i skyi; og eg skal sjå han og minnast den ævelege pakti millom Gud og kvart levande liv av alt kjøt som til er seg på jordi. 17Dette, sa Gud til Noah, er merket på den pakti eg hev sett millom meg og alt kjøt som til er på jordi. 18Og Noahs-sønene, som gjekk ut or arki, det var Sem og Kam og Jafet. Og Kam var far åt Kana'an. 19Desse tri var sønene hans Noah, og frå dei hev alle folk på jordi greina seg ut. 20Og Noah var jorddyrkar, og han var den fyrste som planta ein vinhage. 21Og han drakk av vinen og vart drukken, og so klædde han seg naken midt inni tjeldbui. 22Og då Kam, far åt Kana'an, såg far sin liggja naken, gjekk han ut og sa det med båe brørne sine. 23Då tok Sem og Jafet ei kåpa og la på herdane sine og gjekk inn baklengs og breidde kåpa yver far sin; og dei vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin. 24Då so Noah vakna av ruset, fekk han vita kva den yngste sonen hans hadde gjort imot han. 25Då sa han: Forbanna skal Kana'an vera! Den lågaste av alle trælen skal han vera for brørne sine. 26So sa han: Lova vere Herren, Sems Gud, og Kana'an vera deira træl! 27Gud gjere det romt for Jafet! Under tjeldi hans Sem skal han bu, og Kana'an vera deira træl. 28Etter storflodi levde Noah endå tri hundrad og femti år. 29Og alle dagane hans Noah vart ni hundrad og femti år. So døydde han.

Currently Selected:

1. Mosebok 9: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in