YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 7

7
Noah gjeng inn i arki med heile sitt hus, og so mange av dyri som Gud hadde sagt han fyre, 1-9. Storflodi kjem, og alt levande på jordi druknar; berre Noah og dei som er med han i arki, vert berga, 10-24.
1So sa Herren til Noah: Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis mann i denne ætti.#Hebr 11,7; 2 Pet 2,5 2Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho; 3like eins av fuglane i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi. 4For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt. 5Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sa han fyre. 6Noah var seks hundrad år gamal då storflodi kom med vatn yver jordi. 7Då gjekk Noah og sønene hans og kona hans og konone åt sønene hans med han inn i arki og berga seg for flaumen.#1 Pet 3,20 8Og av dei reine dyri og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglane og av alt det som krelar på marki, 9kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre. 10Då no dei sju dagane var lidne, kom vatnet fløymande yver jordi. 11Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah var seks hundrad år gamal, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmel-lukone let seg upp. 12Og regnet fossa ned på jordi i fyrti dagar og fyrti næter. 13Denne same dagen gjekk Noah og Sem og Kam og Jafet, sønene hans Noah, og kona hans Noah og dei tri sonekonone hans med dei inn i arki, 14dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som flyg, alt som hev venger. 15Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det var livsande i. 16Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt han fyre. Og Herren let att etter han. 17So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi. 18Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet. 19Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde. 20Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde. 21Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket.#Matt 24,38-39; 2 Pet 3,6 22Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var på det turre landet, døydde. 23So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglane i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med han i arki.#2 Pet 2,5.9#7,23 han Gud. 24Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.

Currently Selected:

1. Mosebok 7: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in