YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 50

50
Josef syrgjer på far sin, salvar liket hans og bed Farao um lov til å fara upp og jorda han i Kana'ans-land, 1-6. Han fer dit, held ei stor syrjehøgtid etter han, jordar han og kjem attende, 7-14. Brørne hans ottast han vil hemne seg på dei, men han trøystar dei; han varslar at etterkomarane hans skal verta fria ut or Egyptarland; han døyr, 15-26.
1Og Josef lutte seg ned yver andletet åt far sin og gret uppyver han og kysste han.#1 Mos 46,4 2Og Josef bad lækjarane som han hadde i si tenesta, at dei skulde salva liket åt far hans. So salva dei liket åt Israel. 3Og det gjekk fyrti dagar med til det; for so lang tid tek det å salva eit lik. Og egyptarane gret yver han i sytti dagar.#5 Mos 34,8 4Då syrgjedagane etter han var utlidne, tala Josef til hirdi åt Farao og sa: Hev de aldri so lite godvilje for meg, so gjer vel og ber fram desse ordi mine til Farao og seg: 5Far min tok ein eid av meg og sa: No lyt eg døy! I gravi mi, som eg let grava åt meg i Kana'anslandet, der skal du jorda meg! Lat meg difor fara upp og jorda far min og so koma hit att!#1 Mos 47,29-31 6Og Farao sa: Far du upp, jorda far din, som du hev lova han! 7So for Josef upp og skulde jorda far sin, og med han for alle mennene åt Farao, dei høgste i hirden hans og alle dei øvste i Egyptarland, 8og heile huset hans Josef og brørne hans og husfolket åt far hans. Berre småborni sine og sauene og nauti sine let dei vera att i Gosenlandet. 9Og det fylgde han både vogner og hestfolk, so det vart ei drusteleg ferd. 10Då dei kom til Goren-Ha'atad, som er på hi sida åt Jordan, heldt dei ei stor og ovende vyrdeleg syrgjehøgtid, og han gjorde likferd etter far sin i sju dagar. 11Og då kana'anitane, som budde i landet, såg likferdi i Goren-Ha'atad, sa dei: Det er ei drusteleg likferd egyptarane held der. Difor kalla dei staden Abel Misra'im. Han er på hi sida åt Jordan.#50,11 Misra'im syrgjevollen åt egyptarane. 12So gjorde sønene hans so med han som han hadde sagt dei fyre; 13dei førde han til Kana'anslandet og jorda han i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Efron, hetiten, til eigande gravstad, austanfor Mamre.#1 Mos 23,16-20 14Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptarland, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han upp og jorda far hans. 15Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sa dei: Berre Josef ikkje til å setja etter oss for alt det vonde me hev gjort mot han! 16So sende dei bod til Josef og sa: Far din bad oss fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg: 17So skal de segja til Josef, sa han: Å kjære deg, tilgjev det brotet og den syndi brørne dine gjorde då dei for so stygt med deg! So tilgjev oss no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din! Og Josef gret då dei tala soleis til han. 18So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for han og sa: Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine! 19Då sa Josef: Ver ikkje redde! Er då eg i staden åt Guds? 20De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.#1 Mos 45,5 21So ver no ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borni dykkar. Og han hugga dei og tala blidt til dei. 22Josef vart buande i Egyptarland, både han og farsfolket hans. Og Josef levde hundrad og ti år. 23Og Josef fekk sjå barneborn åt Efra'im og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget. 24Og Josef sa til brørne sine: No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp frå dette landet til det landet som han lova Abraham og Isak og Jakob.#Hebr 11,22 25Og Josef tok ein eid av Israels-sønene og sa: Når Gud kjem og lydest til dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.#2 Mos 13,19; Jos 24,32 26Og Josef døydde då han var hundrad og ti år gamal, og dei salva liket hans og la det i kista i Egyptarland.

Currently Selected:

1. Mosebok 50: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in