YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 5

5
Adam som var skapt i Guds likning, fær born i si likning, millom dei Set; so døyr han, 930 år gamal, 1-5. Set fær sonen Enos, 6-8, hans son er Kenan, 9-11, hans son Mahalalel, 12-14, hans son Jared, 15-17, hans son Enok, 18-20; Enok fær sonen Metusalah, og gjeng på Guds veg; Gud tek han til seg, 21-24; Metusalah fær sonen Lamek, 25-27; Lamek fær sonen Noah, som han ventar trøyst av for den lidande manneætti; Noah fær sønene Sem, Kam og Jafet, 28-32.
1Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds likning.#1 Mos 1,27 2Til mann og kvinna skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske den dagen då dei vart skapte. 3Då Adam var hundrad og tretti år gamal, fekk han ein son som var so lik han som det skulde vore hans eige bilete, og han kalla han Set.#1 Mos 4,25; Luk 3,38; 1 Krøn 1,1-42 4Og etter Adam hadde fenge Set, levde han endå åtte hundrad år og fekk søner og døtter. 5Og alle levedagane hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han. 6Då Set var hundrad og fem år gamal, fekk han sonen Enos. 7Og etter Set hadde fenge Enos, levde han endå åtte hundrad og sju år og fekk søner og døtter. 8Og alle dagane hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han. 9Då Enos var nitti år gamal, fekk han sonen Kenan. 10Og etter Enos hadde fenge Kenan, levde han endå åtte hundrad og femtan år og fekk søner og døtter. 11Og alle dagane hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han. 12Då Kenan var sytti år gamal, fekk han sonen Mahalalel. 13Og etter Kenan hadde fenge Mahalalel, levde han endå åtte hundrad og fyrti år og fekk søner og døtter. 14Og alle dagane hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han. 15Då Mahalalel var fem og seksti år gamal, fekk han sonen Jared. 16Og etter Mahalalel hadde fenge Jared, levde han endå åtte hundrad og tretti år og fekk søner og døtter. 17Og alle dagane hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han. 18Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamal, fekk han sonen Enok. 19Og etter Jared hadde fenge Enok, levde han endå åtte hundrad år og fekk søner og døtter. 20Og alle dagane hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han. 21Då Enok var fem og seksti år gamal, fekk han sonen Metusalah. 22Og etter Enok hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter. 23Og alle dagane hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år. 24Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok han til seg.#1 Mos 6,9; 2 Kong 2,11; Jes 57,1-2; Hebr 11,5 25Då Metusalah var hundrad og sju og åtti år gamal, fekk han sonen Lamek. 26Og etter Metusalah hadde fenge Lamek, levde han endå sju hundrad og tvo og åtti år og fekk søner og døtter. 27Og alle dagane hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han. 28Då Lamek var hundrad og tvo og åtti år gamal, fekk han ein son 29og kalla han Noah og sa: Han skal hugga oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep på den jordi som Herren hev forbanna.#1 Mos 3,17; Luk 2,25 30Og etter Lamek hadde fenge Noah, levde han endå fem hundrad og fem og nitti år og fekk søner og døtter. 31Og alle dagane hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han. 32Då Noah var fem hundrad år gamal, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.

Currently Selected:

1. Mosebok 5: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in