YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 27

27
Isak vil gjeva Esau den velsigningi som eldste sonen skal hava; men Jakob lurer til seg velsigningi, og Esau misser henne, 1-29. Like vel fær han og ei velsigning, 30-40. Han hatar bror sin og stend han etter livet: Rebekka råder Jakob til å røma til Laban, 41-46.
1Då Isak var gamal vorten og tok til å dimmast på syni, so han ikkje kunde skilja, då kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa til han kalla han: Du son min! Og Esau svara: Ja, her er eg.#1 Mos 15,1 2Då sa han: No er eg gamal vorten og veit ikkje kva dag eg skal døy. 3Tak no du veidegognene dine, pilehuset og bogen, og gakk ut i marki og veid meg noko vilt, 4og laga ein god rett åt meg, soleis som du veit eg likar det, og kom so inn til meg med det; då vil eg eta so sjeli mi kann få velsigna deg innan eg døyr. 5Og Rebekka lydde på at Isak tala med Esau, son sin. So gjekk Esau ut i marki og vilde veida noko vilt og hava med seg heim. 6Då sa Rebekka til Jakob, son sin: Høyr her! sa ho, eg lydde på at far din tala til Esau, bror din, og sa: 7Kom heim med noko vilt og lag ein god rett åt meg, so eg fær eta; då vil eg velsigna deg for Herrens åsyn innan eg døyr. 8Lyd no du meg, son min, og gjer som eg segjer deg fyre: 9Gakk burt i buflokken og tak tvo gode kje-ungar, so skal eg laga ein god rett åt far din, soleis som eg veit han likar det, 10og du skal ganga inn til far din med det, so han fær eta og kann velsigna deg fyrr han døyr! 11Då sa Jakob til mor si: Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snaud.#1 Mos 25,25 12Kann henda far min trivlar på meg. Då trur han eg vil hava han til narr, og eg fær ei forbanning yver meg og ingi velsigning. 13Mor hans sa: Den forbanningi skal eg taka på meg, son min. Berre lyd du meg og gakk og henta meg kje-i! 14Då gjekk han og henta dei og kom til mor si med dei, og mor hans laga ein god rett, soleis som ho visste far hans vilde lika det. 15So tok Rebekka dei beste klædi åt Esau, eldste son sin - dei låg inni huset hjå henne - og hadde dei på Jakob, yngste son sin. 16Og skinni av kje-ungane hadde ho på hendene og på halsen hans, der han var snaud. 17So let ho Jakob, son sin, få den gode retten og brødet som ho hadde stelt til, 18og han gjekk inn til far sin med det og sa: Far! Og han svara: Ja, her er eg. Kven er du, guten min? 19Då sa Jakob til far sin: Eg er Esau, eldste son din. Eg hev gjort som du bad meg. Ris no upp og set deg og et av det eg hev veidt, so sjeli di kann velsigna meg! 20Isak sa til son sin: Korleis kunde du finna noko so snøgt, son min? Og han svara: Herren din Gud sende det imot meg. 21Då sa Isak til Jakob: Kom då hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg um du er Esau, son min, eller ikkje! 22So gjekk Jakob innåt Isak, far sin, og han trivla på han og sa: Det er målet hans Jakob, men hendene hans Esau. 23Og han kjende han ikkje; for hendene hans var lodne som hendene åt Esau, bror hans. Og han velsigna han.#1 Mos 27,16 24Er du Esau, son min? sa han. Og han svara: Ja, det er eg. 25Set no fram åt meg då, sa Isak, og lat meg få eta av det som sonen min hev veidt, so sjeli mi kann velsigna deg! Då sette han fram åt han, og han åt, og han kom med vin til han, og han drakk. 26So sa Isak, far hans: Kom no hit og kyss meg, son min! 27Då gjekk han burt til han og kysste han, og han kjende angen av klædi hans og velsigna han og sa: Sjå, angen av son min er lik angen av ei eng som Herren hev velsigna!#Hebr 11,20 28So gjeve Gud deg dogg frå himmelen og feite enger og nøgdi av korn og av druvesaft! 29Folk skal tena deg, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygjer seg for deg! Forbanna vere dei som forbannar deg! Velsigna vere dei som velsignar deg!#1 Mos 25,23; 12,3; 4 Mos 24,9 30Med same Isak hadde velsigna Jakob - det var ikkje meir enn so vidt at Jakob var komen ut att frå Isak, far sin - då kom Esau, bror hans, heim att or veideskogen. 31Han og laga ein god rett og bar inn til far sin. So sa han til far sin: Vil ikkje far risa upp og eta av det som son hans hev veidt, so sjeli di kann velsigna meg! 32Og Isak, far hans, spurde han: Kven er du? Og han svara: Eg er Esau, eldste son din.#1 Mos 25,25 33Då vart Isak so forfærd at han skalv, og han sa: Kven var det då som veide vilt og kom til meg med? Eg åt av alt saman, fyrr du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna. 34Då Esau høyrde dei ordi av far sin, sette han i eit skrik so høgt og sårt at det var ilt å høyra. So sa han til far sin: Velsigna meg, velsigna meg og, far!#Hebr 12,17 35Men han svara: Bror din kom med list og tok velsigningi di. 36Heiter han då ikkje med rette Jakob? sa Esau. Meg hev han no svike tvo gonger. Fyrst tok han odelen min, og sjå no hev han teke velsigningi mi. So sa han: Hev du ikkje att ei velsigning til meg og?#1 Mos 25,26.33 37Og Isak svara Esau og sa: Sjå, no hev eg sett han til herre yver deg, og alle brørne hans hev eg gjort til tenarar, og eg hev gjeve han nøgdi av korn og druvesaft! Kva kann eg so gjera for deg, son min? 38Og Esau sa til far sin: Hev du då berre denne eine velsigningi, far? Velsigna meg, velsigna meg og, far! Og Esau gret høgt. 39Då tok Isak, far hans, til ords att og sa til han: Sjå, langt burte frå dei feite engene skal din bustad vera og utan himmeldoggi ovantil. 40Av sverdet ditt skal du leva, og bror din lyt du tena; men når du ein gong riv deg laus, rister du oket hans av halsen din. 41Men Esau hata Jakob for den velsigningi som far hans hadde lyst yver han, og Esau sa med seg sjølv: Snart kjem den tidi då me lyt syrgja yver far min; då skal eg drepa Jakob, bror min. 42Og Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg. 43Lyd no meg, son min! Gjer deg reidug og røm til Karan, til Laban, bror min, 44Og ver hjå han eit bel, til harmen hev gjenge av bror din, 45til vreiden hans hev vendt seg frå deg, og han hev gløymt det du hev gjorde imot han! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvi skulde eg missa dykk båe tvo på ein dag? 46So sa Rebekka til Isak: Eg er so leid av livet for desse Hets-døtterne skuld! Skulde no Jakob og taka seg ei kona av Hets-døtterne, slik ei som desse, ei her ifrå landet, kva hadde eg då leva for?

Currently Selected:

1. Mosebok 27: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in