YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 25

25
Abraham fær seks søner med Ketura; han gjev Isak alt det han eig, døyr og vert gravlagd. Gud velsignar Isak, 1-11. Ismael fer tolv søner; han døyr, 12-18. Rebekka fer Esau og Jakob; Herren segjer at den eldste av dei skal tena den yngste, 19-26. Esau sel odelsretten sin til Jakob for ein linsevelling, 27-34.
1Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura. 2Med henne fekk han sønene Simran og Joksan og Medan og Midian og Jisbak og Suah.#1 Krøn 1,32 3Og Joksan var far til Sjeba og Dedan; og borni hans Dedan var assurarane og letusarane og le'ummarane. 4Og borni hans Midian var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda'a. Alle desse var borni hennar Ketura. 5Abraham gav Isak alt det han åtte. 6Men sønene åt fylgjekonone sine gav Abraham gåvor og let dei flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Austerland, medan han endå levde. 7Og dette er dagane hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år. 8Og Abraham sålast og døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og kom til federne sine. 9Og Isak og Ismael, sønene hans, jorda han i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre, 10det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-borni. Der vart Abraham og Sara, kona hans jorda.#1 Mos 23,16-20; 35,29; 49,31 11Men då Abraham var slokna, velsigna Gud Isak, son hans. Og Isak han budde attmed Lakai Ro'i-brunnen.#1 Mos 16,14; 24,62 12Dette er ættetavla åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.#1 Krøn 1,29-34 13Og dette er namni på sønene hans Ismael, dei namni som er i ættesoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe'el og Mibsam 14og Misma og Duma og Massa 15og Hadar og Tema og Jetur og Nafis og Kedma. 16Dette var sønene hans Ismael; og det er namni deira, i byane og lægri deira, tolv ættehovdingar.#1 Mos 17,20 17Og dette er leveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde og kom til federne sine. 18Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptarland, når du tek leidi mot Assur. Austanfor alle brødrene sine slo han seg ned.#1 Mos 16,12 19Dette er ættesoga hans Isak, son åt Abraham: Abraham var far åt Isak.#1 Mos 21,2-8 20Og Isak var fyrti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramearen frå Mesopotamia, og syster åt Laban, aramearen.#1 Mos 24,10.67 21Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si; av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender. 22Men borni drogst i livet hennar. Då sa ho: Er det so, kvi skal eg då vera til? Og ho gjekk av stad og spurde Herren. 23Og Herren sa til henne: I livet ditt er tvo folk, og frå fanget ditt skal tvo folkeslag greina seg ut; det eine folket skal vera sterkare enn hitt, og den eldste skal tena den yngre#1 Mos 27,29; Mal 1,2; Rom 9,12 24Då so tidi hennar kom at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar. 25Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver heile kroppen, som ein feld; so kalla dei han Esau.#25,25 Esau d. e. loden. 26Og då broren hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei han Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamal.#1 Mos 27,36; Hos 12,4#25,26 Jakob d. e. han held i hælen. 27Og sveinane voks upp, og Esau vart ein glup veidemann og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar og heldt seg heime, attmed tjeldbui. 28Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob. 29Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod. 30Og Esau sa til Jakob: Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt! Difor kalla dei han Edom.#25,30 Edom d. e. raud. 31Då sa Jakob: Sel meg fyrst odelen din! 32Esau svara: Du ser eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen? 33Då sa Jakob: Gjer fyrst eiden på det! So gjorde Esau eiden på det og selde odelen sin til Jakob.#Hebr 12,16 34Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt og drakk og reis upp og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.

Currently Selected:

1. Mosebok 25: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in