YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 19

19
Dei tvo englane kjem til Lot, og han tek vel imot dei, 1-3. Mennene i Sodoma vil fara ille med dei, men englane vildrar syni deira, 4-11. Englane leider Lot og kona hans og dei tvo døtterne hans ut or byen; Herren let det regna eld og svovel yver Sodoma og Gomorra; kona hans Lot ser seg attende og fær si straff; Lot vert berga for Abraham skuld, 12-29. Døtterne hans Lot skjenker far sin drukken, han ligg hjå dei, og dei fær sønene Moab og Ben-Ammi, 30-38.
1Og dei tvo englane kom til Sodoma um kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, og bøygde seg nedåt jordi#1 Mos 18,2 2og sa: Gode herrar, gjer so vel og ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til hjå meg i natt, og två føtene dykkar! So kann de vera tidleg uppe i morgon og taka på vegen att. Og dei sa: Nei, me vil vera ute på torget i natt.#Hebr 13,2 3Men han nøydde dei so lenge til dei fylgde han heim og var med han inn. Og han gjorde eit gjestebod åt dei og baka usyrt brød, og so åt dei. 4Dei hadde endå ikkje lagt seg, so kom byfolket, mennene i Sodoma, både unge og gamle, heile lyden, frå alle kantar og slo ring um huset. 5Og dei ropa på Lot og sa til han: Kvar er dei mennene som kom heim til deg i kveld? Lat dei koma ut til oss, so me kann få vår vilje med dei!#Dom 19,22-30; Jes 3,9; Rom 1,27 6Då gjekk Lot ut i døri til dei, og let henne att etter seg 7og sa: Kjære brør, gjer då ikkje slik ei ugjerning! 8Sjå eg hev tvo døtter som ingen kar hev vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, so kann de gjera med dei som de synest! Men desse mennene her, dei må de ikkje gjera noko, etter di dei hev kome inn under skuggen av taket mitt. 9Men dei ropa: Or vegen med deg! Her kjem denne framandkaren og fær bu her, sa dei, og so gjev han seg til å døma jamt og samt! No skal me fara verre med deg enn med dei! Og dei gjekk hardt inn på mannen, på Lot, og styrmde innåt og vilde brjota sund døri.#2 Pet 2,8 10Då rette mennene ut handi, tok Lot inn i huset til seg og stengde døri. 11Og dei vildra synet på dei karane som var utfyre husdøri, både små og store, so dei fann ikkje døri, kor mykje dei streva.#2 Kong 6,18 12Og mennene sa til Lot: Hev du elles nokon her, nokon måg, eller søner og døtter, eller nokon annan som høyrer deg til i byen, so skal lyt du få dei med deg burt herifrå! 13For no skal me leggja denne staden i øyde, av di eit øgjeleg klagerop yver dei hev nått upp til Herren, og Herren hev sendt oss på den måten at me skal øydeleggja staden.#1 Mos 18,20-21 14Då gjekk Lot ut og tala til mågane sine, dei som skulde hava døtterne hans, og sa: Upp og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen. Men mågane hans tenkte at han berre vilde narra dei. 15Det fyrste det tok til å dagast, skunda englane på Lot og sa: Upp! Tak kona di og dei tvo døtterne dine som er her, so du ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort i denne byen!#2 Pet 2,7 16Men han tøvra. Då greip mennene han i handi, både han og kona og døtterne hans, av di Herren vilde spara han, og dei leidde han ut og slepte han ikkje fyrr dei var utanfor byen. 17Då dei var utom byen komne, sa han: Vil du berga livet, so røm! Sjå deg ikkje attende og stana ikkje på heile sletta! Røm upp på fjellet! elles ryk du med!#19,17 han den eine engelen. 18Då sa Lot til dei: Å nei, Herre! 19Sjå, tenaren din hev funne nåde hjå deg, og stor er den miskunn du hev gjort meg med di du hev berga livet mitt. Men upp på fjellet kann eg ikkje nå. Ulukka kunde koma yver meg, so eg laut døy. 20Sjå, denne byen der er snar å røma til, og han er so liten! Er han ikkje liten? Kjære, lat meg få berga meg dit, so eg vert verande i livet! 21Då sa han til han: Ja, eg vil gjera deg til viljes i dette og, og ikkje øydeleggja den byen du talar um. 22Skunda deg og røm dit, for eg kann ingen ting gjera fyrr du er komen der. Difor kallar dei den byen Soar.#1 Mos 19,20; 14,2#19,22 Soar d. e. Litleby. 23Soli hadde runne yver jordi då Lot kom til Soar. 24Då let Herren det regna svovel og eld - frå Herren, frå himmelen - nedyver Sodoma og Gomorra#5 Mos 29,23; Sal 11,6; Jes 13,19; Jer 50,40; Esek 16,50; Am 4,11; Luk 17,29; 2 Pet 2,6; Jud 1,7 25Og øydela både dei byane og heile sletta med alle som i byane budde og alt som på vollane voks. 26Og kona hans Lot såg attum seg. Då vart ho til ein saltstein.#Luk 17,32 27Um morgonen tidleg gjekk Abraham til den staden han var då han stod framfor Herren, 28og han skoda utyver Sodoma og Gomorra og utyver alt landet på sletta, og då såg han - såg røyken valt upp av jordi som røyken av ein smelteomn. 29So gjekk det til at då Gud øydela byane på Jordansletta, då kom Gud i hug Abraham og leidde Lot midt utor øydeleggjingi - den gongen han øydela dei byane som Lot hadde butt i.#2 Pet 2,7 30Og Lot for frå Soar upp i fjellet og gav seg til der, og båe døtterne hans med han; for han torde ikkje bu i Soar. Og han budde i ei heller, både han og døtterne hans. 31Då sa den eldste dotteri til den yngste: Far vår er gamal, og det finst ikkje menner i landet, so dei kunde ganga inn til oss, som visi er i all verdi. 32Kom, lat oss gjeva far vår vin å drikka og leggja oss hjå han, so me held uppe ætti med far vår!#3 Mos 18,7 33So skjenkte dei far sin vin same kvelden, og den eldste gjekk inn og la seg hjå far sin. Og han hådde ikkje då ho la seg, og heller ikkje at då ho reis upp att. 34Og dagen etter sa den eldste dotteri til den yngste: Høyr her! I natt låg eg hjå far min. Lat oss gjeva han vin å drikka i kveld og, og gakk so du inn og legg deg hjå han, so held me uppe ætti uppe med far vår! 35So skjenkte dei far sin vin den kvelden og. Og den yngste kom og la seg hjå han. Og han hådde ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho reis upp att. 36Og båe døtterne hans Lot vart umhender med far sin. 37Og den eldste fekk ein son og kalla han Moab. Frå han er Moab-folket ætta, alt til den dag i dag. 38Og den yngste fekk og ein son og kalla han Ben-Ammi. Frå han er Ammons-sønene ætta, alt til den dag i dag.

Currently Selected:

1. Mosebok 19: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in