YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 17

17
Gud segjer til Abram at han skal ferdast ulastande for hans åsyn, og gjer ei pakt med han; han skal ikkje heita Abram lenger, men Abraham, for Gud vil gjera han til far åt mange folk; han og ætti hans skal få Kana'ans-landet, 1-8. Gud segjer fyre at Abraham og alt karfolket hjå han skal umskjerast, og set umskjeringi til merke på pakti, 9-14. Sarai skal heita Sara, og få ein son; med han vil Gud gjera si pakt, men han vil velsigna Ismael og, 15-22. Abraham umskjer seg sjølv og alt karfolket i huset sitt, 23-27.
1Då Abram var ni og nitti år gamal, synte Herren seg for han og sa: Eg er Gud den allmektige. Far du fram for mi åsyn og halt deg ulastande! 2Eg vil gjera ei pakt millom meg og deg og auka ætti di endelaust.#1 Mos 13,16; 15,5 3Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med han og sa: 4Sjå, eg gjer ei pakt med deg, og du skal verta far åt ei mengd med folkeslag. 5Dei skal ikkje lenger kalla deg Abram, men du skal heita Abraham; for til far åt ei mengd med folkeslag vil eg gjera deg.#Neh 9,7; Jes 51,2; Rom 4,17 6Og eg vil lata deg veksa og aukast, so du vert til mange folkeslag; kongar skal ættast frå deg. 7Og eg vil setja ei pakt millom meg og deg og ætti di etter deg, frå alder til alder, ei æveleg pakt, og vera din Gud og Gud åt ætti di etter deg. 8Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet du no held til i, heile Kana'anslandet, til eiga i all æva; og eg vil vera deira Gud.#1 Mos 12,7; 15,7 9Og Gud sa til Abraham: Og du skal halda pakti mi, både du og ætti di etter deg, frå alder til alder! 10Dette er pakti som de skal halda, millom meg og dykk og ætti di etter deg: Alt karfolk hjå dykk skal umskjerast.#3 Mos 12,3; Apg 7,8; Rom 4,11 11De skal skjera av holdet på huva dykkar; det skal vera merket på pakti millom meg og dykk.#17,11 huva d. e. fyrehudi. 12Kvart sveinbarn hjå dykk skal umskjerast fyrst det er åtte dagar gamalt, alder etter alder, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar, alle dei som er frå framande land og ikkje er av di ætt. 13Umskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei som er kjøpt for pengane dine, So skal pakti mi te seg på holdet dykkar, ei æveleg pakt. 14Men den som ikkje er umskoren, den som huveholdet ikkje er avskore på, den mannen skal verta utrudd or folket sitt; han hev brote mi pakt. 15Og Gud sa til Abraham: Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita. 16Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange folk; kongar yver folkeslag skal ættast frå henne. 17Då kasta Abraham seg å gruve og lo. Og han sa med seg sjølv: Kann ein mann som er hundrad år gamal, få barn? Og Sara, som er nitti år, kann ho verta mor?#1 Mos 18,12; Luk 1,18 18Og Abraham sa til Gud: Gjev Ismael måtte få leva for di åsyn! 19Då sa Gud: Som eg hev sagt: Sara, kona di, skal eiga ein son, og du skal kalla han Isak, og eg vil gjera mi pakt med han, ei æveleg pakt for ætti hans etter han.#1 Mos 18,10; 21,3 20Og um Ismael, so hev eg og høyrt bøni di: Sjå, eg vil velsigna han og lata han veksa og aukast alt meir og meir. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk.#1 Mos 25,13-16 21Men pakti mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal eiga eit anna år dette bel.#1 Mos 18,10.14; Rom 9,9 22So sa han ikkje meir til han då. Og Gud for upp att frå Abraham. 23Same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødd i huset hans, og alle som var kjøpte for pengane hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt til han. 24Abraham var ni og nitti år gamal då huveholdet vart avskore på han. 25Og Ismael, son hans, var trettan år gamal då huveholdet vart avskore på han. 26Denne same dagen vart dei umskorne, både Abraham og Ismael, son hans. 27Og alle karar i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei framande som var kjøpte for pengar, dei vart umskorne med han.

Currently Selected:

1. Mosebok 17: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in