1. Mosebok 14
14
Kedorlaomer og tri andre kongar fer i herferd mot kongen i Sodoma og fire andre kongar, vinn yver dei, herjar Sodoma og Gomorra, og tek med seg Lot, 1-12. Abram bergar Lot, vert velsigna av Melkisedek, vil ikkje taka imot nokor gåva frå kongen i Sodoma, 13-24.
1I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam og Tideal konge yver Gojim, 2då hende det at det vart ufred millom dei kongane og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebo'im, og kongen i Bela, som no heiter Soar. 3Alle desse slo seg i hop og la vegen til Siddimdalen, der Saltsjøen er no. 4Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå han. 5Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongane som var med han, og slo under seg refa'itane i Asterot-Karna'im og susitane i Ham og emitane i Sjave-Kirjata'im 6og horitane på fjelli deira, Se'irfjelli, alt til El-Paran, som ligg utmed øydemarki. 7So snudde dei og kom til En-Mispat, der som Kades ligg, og la under seg alt Amalekitarlandet og amoritane med, dei som budde i Haseson-Tamar. 8Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebo'im og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut og fylkte heren sin imot dei i Siddimdalen, 9mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver Gojim, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem. 10Men i Siddimdalen var det fullt av jordbekgrover. Og kongane i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i grovene, og dei som att var, rømde til fjells. 11Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira og drog burt. 12Og dei tok med seg Lot, brorson hans Abram, og godset og drog av med; for han budde i Sodoma. 13Men ein av dei som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebrearen, som budde attmed terebintelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram. 14Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter dei alt til Dan. 15Der bytte han sund flokken sin og tok på dei um natti med sveinane sine, og han vann yver dei og elte dei ratt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus. 16So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, kvinnone og heile folket med. 17Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongane som var med han, kom kongen i Sodoma imot han til Sjavedalen, der som no heiter Kongsdalen. 18Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den høgste.#Sal 110,4; Hebr 7,1-10 19Og han velsigna han og sa: Gud den høgste, han som eig himmel og jord, signe Abram!#Hebr 7,6 20Og lova vere Gud den høgste, som hev gjeve fiendane dine i di hand! Og Abram gav honom tiend av alt.#Hebr 7,2.4.6 21Og kongen i Sodoma sa til Abram: Gjev meg folket, og taka du godset! 22Då sa Abram til kongen i Sodoma: Eg retter upp handi til Herren, Gud den høgste, han som eig himmel og jord:#Op 10,5-6; 5 Mos 10,14 23Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: Eg gjorde Abram rik. 24Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinane hev ete, og den luten som fell på dei mennene som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat de få sin lut!
Currently Selected:
1. Mosebok 14: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2