YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 9

9
Herren let det koma ei drepsott på egyptarfeet, 1-7; han heimsøkjer egyptarane med ei kaunsott, 8-12, og sidan med eit øgjeleg haglver; men endå held Farao seg like hard, 13-35.
1Og Herren sa til Moses: Gakk fram for Farao og seg til han: So segjer Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg! 2For meinkar du dei å fara, og held du dei att endå lenger, 3so skal Herren leggja si hand på feet ditt, som beiter på bøen, både hestar og asen og kamelar og naut og sauer, og søkja dei med ei øgjeleg drepsott. 4Men Herren skal gjera skil på Israelsfeet og egyptarfeet, og det skal ikkje døy noko av det som høyrer Israels-borni til. 5Og Herren sette tidi og sa: I morgon vil Herren lata dette henda i landet. 6Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt, og alt egyptarfeet døydde, men av feet åt Israels-borni døydde ikkje eit liv. 7Og Farao sende bod, og då hadde det ikkje døytt eit einaste liv av Israelsfeet. Men Farao sette hardt imot hardt og meinka folket å fara. 8Då sa Herren til Moses og Aron: Tak hendene fulle med omnsoska, og Moses skal kasta henne upp i veret so Farao ser på det. 9Då skal ho verta til dumba og fjuka utyver heile Egyptarlandet, og av dumba skal det koma ei sott som bryt ut med kaunar på folk og fe i alt Egyptarlandet. 10So tok dei oska or masomnen og steig fram for Farao, og Moses kasta henne upp i veret; då kom det ei kaunsott som braut ut på folk og på fe. 11Og runemeistrane orka ikkje å standa framfor Moses for verken skuld; for kaunane hadde sett seg på runemeistrane som på alle egyptarane. 12Men Herren gjorde Farao strid i hugen; og det gjekk som han hadde sagt med Moses: Farao høyrde ikkje på dei.#2 Mos 4,21 13Då sa Herren til Moses: Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao og seg til han: So segjer Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg! 14For denne gongen vil eg senda alle mine plagor yver deg sjølv og tenarane dine og folket ditt, so du skal sanna at ingen er som eg på heile jordi.#2 Mos 8,10 15No hadde eg alt lyft handi mi og vilde slege deg og folket ditt med drepsott, og då hadde du vorte utrudd av jordi. 16Men eg sparde deg av di eg vilde syna deg makti mi og gjera namnet mitt kunnigt yver all jordi.#Rom 9,17 17Endå legg du deg i vegen for folket mitt og vil ikkje lata dei fara. 18Sjå, difor vil eg i morgon dette bel senda eit øgjeleg haglver, som det aldri hev vore maken til i Egyptarlandet, frå den dag det vart grunna, og til no. 19Send no folk og berga buskapen din og alt de du hev på marki! Alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, skal haglet koma yver, og dei skal døy. 20Dei av mennene åt Farao som hadde age for Herrens ord, dei berga då tenarane og buskapen sin i hus. 21Men dei som ikkje akta på Herrens ord, let både tenarane og buskapen vera ute. 22Då sa Herren til Moses: Rett handi di upp imot himmelen, so skal haglet koma sturtande yver heile Egyptarland, på folk og på fe og på kvart strå som på marki veks i Egyptarlandet, 23So rette Moses staven sin upp imot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og eldingane for ned til jordi, medan Herren let det hagla yver Egyptarlandet.#Sal 105,32-38; 78,47-48; Jos 10,11 24Haglet kom drusande, og midt i haglflodi gjekk det ljon i ljon. Aldri hadde det vore slikt uver i Egyptarlandet frå den tid det vart bygt. 25Og haglet slo ned alt som ute var i heile Egyptarland, både folk og fe, og all grøda på marki slo haglet ned, og kvart tre braut det sund. 26Men i Gosenlandet, der Israels-borni budde, der gjekk ikkje haglflodi. 27Då sende Farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: Denne gongen hev eg synda. Herren er den som hev rett, og eg og folket mitt me hev urett.#2 Mos 10,16; Dan 9,7 28Bed til Herren at det må hava ein ende med toreslåtten og haglet, so skal eg lata dykk fara, og de tarv ikkje bia lenger.#2 Mos 8,8 29Moses svara: Med same eg kjem ut or byen, skal eg lyfta hendene og beda til Herren. Då skal tora halda upp og haglet driva av, so du skal sanna at jordi høyrer Herren til. 30Men det veit eg vel at du og tenarane dine endå ikkje hev age for Herren Gud. 31Både lin og bygg var nedslege; for bygget stod med aks og linet i knupp. 32Men kveiten og spelten var ikkje nedslege; for dei årar seinare. 33Og Moses gjekk burt frå Farao og ut or byen og lyfte hendene til Herren. Då heldt tora og haglveret upp, og regnet hylja ikkje meir ned på jordi. 34Men då Farao såg at regnet og haglet og tora hadde stogga, so heldt han på og synda, og herde seg til, både han og tenarane hans. 35Det gjekk som Herren hadde havt Moses til å segja: Farao var hard som stein og vilde ikkje lata Israels-borni fara.

Currently Selected:

2. Mosebok 9: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in