YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 1

1
Israels-borni aukast i Egyptarland, 1-7. Ein ny konge, som ikkje veit noko um Josef, plagar folket, 8-14. Han vil at jordmøderne skal drepa kvar son som dei hebraiske kvinnone fær, men dei lyder ikkje; då segjer han at alle israelitiske sveinborn skal kastas i Nilelvi, 15-22.
1No skal de få høyra namni på Israels-sønene som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:#1 Mos 46,8-27 2Ruben og Simeon og Levi og Juda, 3Issakar og Sebulon og Benjamin, 4Dan og Naftali, Gad og Aser. 5Med alle i hop var det sytti sjeler som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.#1 Mos 46,27; 5 Mos 10,22 6Og Josef døydde og alle brørne hans og heile den ætti. 7Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.#Sal 105,24; Apg 7,17 8Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef. 9Og han sa til folket sitt: Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me. 10Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast endå meir! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenene våre og strida mot oss og fara or landet! 11So sette dei futar yver dei, som skulde plaga dei med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ra'amses. 12Men di meir dei plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, so egyptarane tok til å fæla for Israels-borni. 13Soleis nøydde dei no Israels-borni til å træla for seg#1 Mos 15,13; 4 Mos 20,15 14og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid, alt arbeidet som dei truga dei til å gjera. 15Og kongen i Egyptarland sa til dei hebraiske jordmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -: 16Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona, sa han, so skal de sjå etter i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep han! er det dotter, so må ho leva. 17Men jordmøderne hadde age for Gud og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sa, men let småsveinane leva.#Apg 5,29 18Då kalla kongen jordmøderne fyre seg og sa til dei; Kvi gjer de dette og let sveinborni leva? 19Jordmøderne svara: Dei hebraiske kvinnone er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; innan jordmori kjem, hev dei fenge barnet. 20Då gjorde Gud vel imot jordmøderne; og folket auka og vart ovleg mangment. 21Og for di jordmøderne hadde age for Gud, gav han dei avkjøme. 22Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sa: Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata leva!#Apg 7,19#1,22 verdi hjå hebrearane.

Currently Selected:

2. Mosebok 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in