YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 8

8
Paulus maner korintarane til å vera med i den innsamlingi til dei fatige kristne i Judea som han held på med. Han rosar makedonarane for di dei er gjevmilde, segjer frå at han hev sett Titus til å reisa til Korint att og arbeida for denne saki, og manar dei til å fullføra innsamlingi no, 1-15. Titus hev viljugt fylgt pålegget frå Paulus; korintarane må no taka vel imot han og andre som han sender til dei i same ærendi, 16-24.
1Me kunngjer dykk, brør, den nåde som Gud hev gjeve i kyrkjelydane i Makedonia,#Rom 15,26 2at endå dei vart hardt røynde med trengsla, so hev deira rike gleda og deira djupe fatigdom i yverfullt mål verka hjå dei ein rikdom på ærleg kjærleik. 3For dei gav etter si råd, det vitnar eg, ja yver si råd, og det sjølvmint. 4Dei bad oss inderleg um lov til å få vera med i hjelpi til dei heilage; 5og dei gav ikkje berre soleis som me vona, men dei gav seg sjølve fyrst til Herren og til oss ved Guds vilje,#2 Kor 8,1 6so at me bad Titus at liksom han fyrr hadde byrja, so skulde han og fullenda hjå dykk ogso dette kjærleiksverket.#2 Kor 8,16 7Men liksom de er rike i alle måtar, på tru og tale og kunnskap og all umhug og på kjærleik som de hev vekt hjå oss, so vert no og rike i dette kjærleiksverket!#1 Kor 1,5 8Ikkje som eit påbod segjer eg dette, men ved ihugen hjå dei andre vil eg og røyna sanningi av dykkar kjærleik. 9For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fatig då han var rik, so de ved hans fatigdom skulde verta rike.#Luk 9,58 10Og eg segjer mi meining um dette; for det er til gagn for dykk, de som fyreåt, alt frå i fjor, tok til ikkje berre å verka, men og å vilja.#1 Kor 7,25; Ordt 19,17; Matt 10,42; 2 Kor 9,2 11Men fullfør no og verket, so liksom hugen var til å vilja, soleis og fullføringi kann verta etter utkoma.#Fil 2,13 12For er den viljuge hugen der, so er han vellika etter det som han hev, ikkje etter det som han ikkje hev.#Ordt 3,28; Mark 12,43 13For det er ikkje so meint at det skal vera lette for andre og trengsla for dykk; 14nei, det skal vera jamnad: dykkar yvermål vert til hjelp for deira trong i den noverande tid, so og deira yvermål kann verta til hjelp for dykkar trong, so det vert jamnad, 15som skrive stend: Den som sanka mykje, fekk ikkje yverfyllt, og den som sanka lite, leid ingen skort.#2 Mos 16,18 16Men Gud vere takk, som inngav den same umhug for dykk i Titus' hjarta! 17for han tok gjerne imot mi påminning, ja, han er endå so ihuga at han fer sjølvmint ut til dykk.#2 Kor 8,6 18Og me sender og med han den broren som hev ros hjå alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet,#2 Kor 12,18 19ja, ikkje berre det, men han er og av kyrkjelydane utvald til å vera vår fylgjesmann med denne kjærleiksgåva som kjem i stand ved vår tenesta, til å fremja Herrens eigi æra og vårt framtak. 20Med det varar me oss so ingen skal kunna lasta oss for noko som vedkjem denne rike gåva som kjem i stand ved vår tenesta; 21for me legg vinn på det som godt er, ikkje berre for Herren, men og for menneske.#Fil 4,8; 1 Pet 2,12 22Og me sender med dei vår bror, som me ofte på mange måtar hev funne ihuga, men no mykje meir ihuga av di han hev so stor ei tiltru til dykk. 23Anten det då er tale um Titus, so er han min lagsmann og medarbeidar hjå dykk, eller um våre brør, so er dei sendemenn frå kyrkjelydane, Kristi æra. 24Syn dei då sanningi av kjærleiken dykkar og av vår ros yver dykk, og det for augo på kyrkjelydane!#2 Kor 7,14

Currently Selected:

2. Korintar 8: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 2. Korintar 8