YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 7

7
Paulus bed korintarane um å gjeva ordet hans rom hjå seg, 2.3, rosar dei av di dei var lydige og tok det fyrre brevet hans til hjarta; han hev valda dei sorg med det, men tregar likevel ikkje på det, for di det var ei gudleg sorg, som verkar umvending, 4-12; han talar um kor Titus, sendebodet hans, gleder seg yver dei, og um si eigi tillit til dei, 13-16.
1Sidan me då hev desse lovnadene, mine kjære, so lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kjøt og ånd og fullføra vår helging i age for Gud!#1 Joh 3,3 2Gjev oss rom! Ingen hev me gjort urett, ingen hev me skadt, ingen hev me gjenge for nær.#Apg 20,33; 2 Kor 12,17 3Ikkje til fordøming for dykk segjer eg dette; for eg hev sagt det fyrr at de er i våre hjarto til å døy med oss og leva med oss.#2 Kor 6,11-18 4Stor er mi tiltru til dykk, storleg rosar eg meg av dykk, eg er fyllt med trøyst, eg er ovrik på gleda i all vår trengsla. 5For då me kom til Makedonia, fekk vårt kjøt ingi ro der heller, men me vart trengde på alle måtar; utantil var strid, innantil otte.#2 Kor 2,12-13; Apg 20,1 6Men Gud, som trøystar dei nedbøygde, han trøysta oss med di at Titus kom,#2 Kor 1,3-4 7men ikkje berre med di at han kom, men og ved den trøysti han var trøysta med yver dykk, med di han fortalde oss um dykkar lengting, dykkar gråt, dykkar ihuge for meg, so eg vart endå meir glad. 8For um eg og gjorde dykk sorg med brevet mitt, so angrar eg det ikkje; um eg enn fyrr angra det - for eg ser at det brevet gjorde dykk sorg, um enn berre ei stund -#2 Kor 2,4 9so gleder eg meg no, ikkje for di de fekk sorg, men for di de fekk sorg til umvending; for de fekk ei sorg som var etter Guds hug, so de på ingen måte skulde hava skade av oss. 10For sorgi etter Guds hug verkar umvending til frelsa, som ingen angrar; men sorgi åt verdi verkar daude.#Matt 5,4; 26,75; 27,3-5 11For sjå, dette same at de fekk sorg etter Guds hug, kor stor ihuge verka ikkje det hjå dykk, ja forsvar, ja harm, ja otte, ja lengting, ja brennhug, ja refsing! I alt viste de at de var reine i denne saki.#2 Kor 2,6; 1 Kor 5,1-2 12Um eg då og skreiv til dykk, so var det ikkje for hans skuld som gjorde urett, ikkje heller for hans skuld som leid urett, men for di at dykkar umhug for oss skulde verta openberra hjå dykk for Guds åsyn.#1 Kor 5,1 13Difor er me trøysta. Og attåt vår trøyst kom den langt større gleda yver Titus' gleda; for hans ånd er uppkveikt av dykk alle.#2 Kor 7,6 14For um eg til han hev uttala meg med ros yver dykk, hev eg ikkje vorte til skammar; men liksom me i alle ting hev tala sant til dykk, so hev og vår ros til Titus vorte sanning, 15og hans kjærleik til dykk er endå sterkare når han minnest lydnaden hjå dykk alle, korleis de tok imot han med age og otte.#2 Kor 2,9 16Eg gleder meg yver at eg i alt kann lita på dykk.#2 Tess 3,4

Currently Selected:

2. Korintar 7: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 2. Korintar 7