YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 11

11
Paulus lastar korintarane for at dei hev late seg dåra av falske lærarar og gjeve dei inngang, samstundes som dei hev miskjent han, for di han er for spaklyndt fram og ikkje søkte bate for seg sjølv, 1-15. Dette nøyder han til å samanlikna desse falske lærarane med seg sjølv; utfallet vert at han ikkje i noko stykke er mindre mann enn dei; tvert imot hev han i trengslone sine eit merke på at han er ein sann Kristi tenar, eit merke som dei andre vantar, 16-33.
1Gjev de vilde tola ein grand dårskap av meg! Jau, de skal tola meg.#2 Kor 12,11 2For eg er ihuga for dykk med Guds ihuge; for eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde stella fram for Kristus ei rein møy. 3Men eg ottast at liksom ormen dåra Eva med si svikråd, soleis skal og dykkar tankar verta skadde og snudde burt frå den einfalde truskapen mot Kristus.#1 Mos 3,1-4; Joh 8,44 4For um det kjem ein og forkynner ein annan Jesus, som me ikkje hev forkynt, eller de fær ei onnor ånd, som de ikkje fyrr hev fenge, eller eit anna evangelium, som de ikkje fyrr hev motteke, so vil de tola det godt!#Gal 1,8-9 5For eg meiner at eg ikkje i nokon ting er mindre mann enn dei ovstore apostlane;#2 Kor 12,11 6men um eg enn er ulærd i talen, er eg det då ikkje i kunnskapen; me hev tvert imot alltid synt dykk han i alle stykke.#1 Kor 1,17; 2,1.3; Ef 3,4 7Eller gjorde eg synd då eg audmykte meg sjølv so de kunde verta upphøgde, med di eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje?#1 Kor 9,7-12 8Andre kyrkjelydar skattla eg, med di eg tok løn av dei so eg kunde tena dykk, og då eg var hjå dykk og kom i vanråd, var eg ingen til tyngsla;#2 Kor 12,13 9for det som eg vanta, vart eg hjelpt med av brørne som kom frå Makedonia, og i alle måtar vara eg meg og vil vara meg for å falla dykk til tyngsla.#Fil 4,10.15; 1 Tess 2,9 10So visst som Kristi sanning er i meg, so skal denne ros ikkje takast frå meg i Akaiabygdene!#1 Kor 9,15 11Kvifor då? av di eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud!#2 Kor 7,3; Gal 1,20 12Men det eg gjer, det vil eg og gjera heretter, so eg kann taka tilhøvet frå dei som søkjer tilhøve til å standa likt med oss i det som dei rosar seg av. 13For desse er falske apostlar, svikfulle arbeidarar, som skaper seg um til apostlar for Kristus.#Fil 3,2; Matt 7,15-16 14Og det er ikkje underleg, for Satan sjølv skaper seg um til ein ljosengel; 15difor er det ikkje noko stort um hans tenarar og skaper seg um til rettferds tenarar; men deira ende skal høva til deira verk.#Fil 3,19 16Atter segjer eg: Ingen halde meg for å vera uvitug! men um de gjer det, so tak då imot meg, um og som ein uvitug, so eg og kann få rosa meg ein grand!#2 Kor 11,1; 12,11 17Det eg her talar, talar eg ikkje etter Herrens vilje, men liksom i dårskap, med di eg rosar meg so hugheilt. 18Sidan mange rosar seg på kjøtleg vis, so vil eg og rosa meg.#Fil 3,4-6 19For de toler gjerne uvitingane, de som er so kloke; 20for de toler det um nokon gjer dykk til trælar, um nokon et dykk upp, um nokon fangar dykk, um nokon upphøgjer seg yver dykk, um nokon slær dykk i andletet! 21Med skam segjer eg det, av di me hev vore veike; men det som andre gjer seg store av - eg talar i dårskap - det gjer eg meg stor av og.#2 Kor 10,10; 11,1; 12,11; Fil 3,4 22Er dei hebrearar? Eg og. Er dei israelitar? Eg og. Er dei Abrahams ætt? Eg og.#Fil 3,5 23Er dei Kristi tenarar? Eg talar som ein galen mann: Eg er det endå meir. Eg hev havt større strev, fenge fleire slag, vore oftare i fengsel, ofte i livsfåre.#Apg 9,15-16; 1 Kor 15,10; 2 Kor 6,5; 1 Kor 15,31; 2 Kor 4,11 24Av jødane hev eg fem gonger fenge fyrti slag so nær som eitt;#5 Mos 25,3 25tri gonger vart eg hudflengd, ein gong steina, tri gonger leid eg skipbrot; eg hev vore eit døger i djupet.#Apg 16,22-23; 14,19 26Ofte var eg på ferder, i fårar i elvar, i fårar millom røvarar, i fårar millom landsmenn, i fårar millom heidningar, i fårar i by, i fårar i øydemark, i fårar på hav, i fårar millom falske brør, 27i strev og møda, ofte i nattevoka, i svolt og torste, ofte fastande, frosen og naken.#2 Kor 6,5; Rom 8,35 28Umfram alt det andre hev eg endå det daglege tillaupet, umsuti for alle kyrkjelydane.#Apg 20,18-21 29Kven er veik utan at eg og vert veik? Kven vert freista og fell utan at det brenn i meg?#1 Kor 9,22; Rom 15,1; 1 Kor 8,13 30Um eg endeleg skal rosa meg, so vil eg rosa meg av det som høyrer mi vanmakt til.#2 Kor 12,5.9 31Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som er velsigna i all æva, han veit at eg ikkje lyg!#Rom 9,1; Gal 1,20 32I Damaskus heldt landshovdingen åt kong Aretas vakt kring damaskenarbyen, av di han vilde gripa meg,#Apg 9,24-25 33og gjenom ein glugg i muren vart eg fira ned i ei korg og slapp ut or hendene hans.#Jos 2,15

Currently Selected:

2. Korintar 11: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in