Romarane 2
2
Menneska skal gjera rekneskap for Gud
1Difor har du ikkje noko å orsaka deg med, du menneske som dømer, kven du så er. For når du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv. Du som dømer, gjer sjølv det same. #Matt 7,1ff 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som fer med slikt. 3Men når du, menneske, dømer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4Eller vanvørder du hans grenselause godleik, tolmod og langmod? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? #2 Pet 3,9.15 5Med din harde hug og ditt ubotferdige hjarta hopar du opp vreide som skal koma over deg på vreidens dag, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: #Matt 16,27+; 2 Kor 5,10 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som lèt seg leia av uretten og ikkje er lydige mot sanninga, har vreide og harme i vente. #2 Tess 1,5ff 9Trengsle og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde fyrst og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde fyrst og så grekar. 11For Gud gjer ikkje skil på folk. #5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; Apg 10,34; Gal 2,6; Ef 6,9; Kol 3,25; 1 Pet 1,17 12Alle som synda utan å ha lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda og hadde lova, skal dømast etter lova. 13For ikkje dei som høyrer lova, er rettferdige for Gud; men dei som gjer det lova seier, skal han rekna for rettferdige. #Matt 7,21ff; Joh 12,48; Jak 1,22 14For når heidningane som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova. #Apg 10,35 15Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarto deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten klagar dei eller forsvarar dei. 16Dette skal verta klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømer det som løyner seg i menneska, så som eg har forkynt i mitt evangelium.#14,10+; 1 Kor 4,5
Jødane og lova
17Og du som kallar deg jøde: Du lit på lova og rosar deg av Gud; #Luk 18,11; Rom 9,4 18du kjenner hans vilje, og kan avgjera kva som er det rette, fordi du er opplært i lova. 19Du er viss på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit ljos for dei som er i mørker, #Matt 15,14+ 20ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga nedlagd. 21Du som vil vera lærar for andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du? #Matt 23,3f 22Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som held avgudane for ein styggedom, plyndrar du templa deira? 23Du som rosar deg av lova, du vanærar Gud når du bryt lova. 24For dykkar skuld vert Guds namn spotta mellom heidningane, som skrive står. #Jes 52,5; Esek 36,20ff 25Omskjeringa er nok til gagn for deg, men berre om du held lova. Bryt du lova, er du som ein uomskoren. #Jer 4,4; 9,25 26Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast for omskoren, endå han ikkje er det? 27Den som i det ytre er uomskoren, men held lova, han skal døma deg. For du bryt lova trass i omskjering og skriven lov. 28For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. #Joh 8,39 29Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.#5 Mos 10,16; 30,6; Gal 5,3ff; 6,15; Fil 3,3; Kol 2,11
Currently Selected:
Romarane 2: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2