Johannes' openberring 7
7
Guds tenarar vert merkte med segl
1Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea. #Esek 7,2; 37,9; Dan 7,2 2Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet: 3«Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!»#Esek 9,4; Op 9,4
4Og eg høyrde talet på dei som bar seglet: Det var 144 000, frå alle ættene i Israels-folket.#14,1ff
5Av Juda-ætta var det 12 000 med segl,
av Rubens-ætta 12 000,
av Gads-ætta 12 000,
6av Asjers-ætta 12 000,
av Naftali-ætta 12 000,
av Manasse-ætta 12 000,
7av Simeons-ætta 12 000,
av Levi-ætta 12 000,
av Jissakars-ætta 12 000,
8av Sebulons-ætta 12 000,
av Josefs-ætta 12 000,
og av Benjamins-ætta 12 000 med segl.
Den store kvite flokken
9Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene. #1 Mos 15,5; Op 3,4+ 10Og dei ropa med høg røyst:#5,13
Sigeren tilhøyrer vår Gud,
han som sit på kongsstolen, og Lammet.
11Alle englane stod i ein krins om kongsstolen og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor kongsstolen med andletet mot jorda og tilbad Gud #4,4.6ff 12og sa:#5,12
Amen.
All lov og pris og visdom,
takk og ære, makt og velde
høyrer vår Gud til i all æve.
Amen.
13Då tok ein av dei eldste til ords og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei og kvar kjem dei frå?» #3,4+ 14«Herre,» svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla og har vaska kleda sine og gjort dei kvite i Lammets blod. #Dan 12,1; Matt 24,21f; Op 22,14 15Difor står dei for Guds kongsstol og tener han dag og natt i hans tempel. Og han som sit på kongsstolen, skal reisa sin bustad over dei. #4,2+ 16Dei skal ikkje lenger svelta eller tyrsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete. #Sal 121,6; Jes 49,10 17For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal turka kvar tåre frå augo deira.»#Sal 23,2; Jes 25,8; Op 21,4.6
Currently Selected:
Johannes' openberring 7: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2