YouVersion Logo
Search Icon

Johannes' openberring 5

5
Boka med sju segl
1Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. #Esek 2,9f 2Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?» 3Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»#1 Mos 49,9f; Jes 11,1.10; Rom 15,12
6Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.#Joh 1,29+; Op 5,12; 13,8; 14,1
7Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. #4,2+ 8Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. #8,3f 9Og dei song ein ny song:#Sal 96,1; 98,1; Jes 42,10; Op 14,3; Matt 20,28+
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda. #1,6
11I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. #Dan 7,10; Hebr 12,22 12Dei ropa med høg røyst:#1 Krøn 29,11; Op 5,6
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:#Fil 2,10; Op 4,2+
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.#4,10

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in