Johannes' openberring 22
22
Livsens vatn og livsens tre
1Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. #Esek 47,1ff; Op 21,6+ 2Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. #1 Mos 2,9; 3,22.24; Op 2,7; 22,14 3Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. #Sak 14,11 4Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. #Matt 5,8; Op 3,12 5Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.#Jes 60,19f; Sak 14,7; Op 21,25
Kom, Herre Jesus!
6Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda. #19,9; 21,5; 1,1 7Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»#Fil 4,5+; Op 1,3
8Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene på den engelen som hadde synt meg det; eg ville tilbe han. #19,10 9Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og dine brør profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»
10Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. 11Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. #Dan 12,10 12Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. #Jes 40,10; Matt 16,27+ 13Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. #1,8 14Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. #7,14; 22,2+ 15Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.#1 Kor 6,9f; Fil 3,2; Op 21,8
16Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» #1,1; 5,5+; 2,28 17Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.#21,6+
18Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; #5 Mos 4,2; 12,32 19og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.
20Han som vitnar dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus!#Fil 4,5+; 1 Kor 16,22
21Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!
Currently Selected:
Johannes' openberring 22: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2