YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 27

27
Ein ven er trufast
1Rosa deg ikkje av morgondagen,
for du veit ikkje kva han ber i sitt fang. #Jak 4,13f
2Ein annan skal rosa deg, ikkje du sjølv,
ein framand, ikkje dine eigne lipper. #2 Kor 10,12.18
3Steinen er tung, og sand veg mykje,
men tyngre er det å vera arg på ein dåre.
4Harmen er ei gru og vreiden ein flaum,
men kven kan stå seg mot avundsykje?
5Betre er openberr refsing
enn kjærleik som ein held duld.
6Ein ven er trufast jamvel når han slår,
men fiendens kyss er svikefulle.
7Den mette vrakar den finaste honning,
alt beiskt smakar søtt for den svoltne.
8Lik ein sporv som flyg ikring langt ifrå reiret,
er ein mann som flakkar om borte frå heimen.
9Olje og røykjelse gleder hjarta,
så òg ein vens kjærleik
meir enn gode råd.
10Gjev ikkje slepp på din ven
og på venen åt far din;
gå ikkje heim til bror din den dagen du er i naud.
Ein granne som bur tett attmed,
er betre enn ein bror langt borte. #18,24
11Ver klok, son min, og gled mitt hjarta,
så eg kan svara dei som spottar meg.
12Den kloke ser ulukka koma og gøymer seg,
dei godtrune går på og må bøta. #22,3
13Ta kleda frå den som har borga for ein annan,
ta pant hjå han for framand kvinne. #20,16
14Når nokon med høg røyst
velsignar sin neste tidleg om morgonen,
er det å rekna som ei forbanning.
# 27,14 velsignar med høg røyst så overdrive at det ikkje kan vera ærleg meint.
15Si-drop frå taket ein regnversdag
og trettekjær kvinne liknar kvarandre. #19,13; 25,24
16Å stansa henne er som å halda på vind,
som å gripa olje med høgre handa.
17Jern sliper jern,
og det eine mennesket sliper det andre.
18Den som steller fikentreet sitt, får nyta frukta av det;
den som vaktar herren sin, vinn ære.
19Som andletet speglar seg i vatnet,
kjenner eit menneske seg att i eit anna.
20Dødsrike og avgrunn vert aldri mette,
og menneskeaugo får aldri nok. #30,15; Fork 1,8
21Sølvet smeltar dei i digelen
og gullet i smelteomnen,
men mannen mælest etter sitt gjetord. #17,3
22Om du støyter ein dåre i morteren
og knuser han saman med gryna,
går dårskapen likevel ikkje av han.
23Merk deg vel korleis sauene dine ser ut,
og syt vel for buskapen din! #12,10
24For rikdom varer ikkje evig,
eit diadem går ikkje alltid frå ætt til ætt. #1 Tim 6,7
25Når graset er borte og håa kjem til synes,
og folk samlar fjellgraset saman,
26då har du lam og kan få deg klede
og bukkar til å kjøpa ein åker for;
27du har geitemjølk nok til mat for ditt hus,
til livsopphald for jentene dine.

Currently Selected:

Ordtaka 27: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in