YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 25

25
Det gjeld å styra sin hug
1Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen. #25,1 mennene til Hiskia skrivarar og vismenn som kong Hiskia hadde ved hoffet sitt. #2 Kong 18,1–8
2Det er Guds ære å dølja ei sak,
men kongars ære å granska henne. #5 Mos 29,28; Jes 45,15; Rom 11,33
3Himmelhøgd og jordedjup
og kongars hjarta kan ingen granska.
4Skil slagget frå sølvet,
så kan sølvsmeden laga ei skål av det.
5Før dei gudlause bort frå kongen,
så står hans kongsstol fast ved rettferd. #16,12
6Gjer deg ikkje til når kongen ser på,
og stig ikkje fram på stormenns plass!
7For det er betre dei seier til deg:
«Kom og set deg her oppe!»
enn at dei flytter deg ned for ein hovding.
Kva du så ser med eigne augo, #Luk 14,7–11
8ver ikkje for snar til å reisa sak!
For kva vil du gjera til sist
når nesten din fører skam over deg?
9Før di sak med nesten din,
men ber ikkje ut annan manns løyndom!
10Elles vil den som høyrer det, spotta deg,
og du får for alltid uord på deg.
11Som eple av gull i skåler av sølv
er ord ein talar i rette tid.
12Som ein ring av gull, ja, eit smykke av fint gull
er den vise som refser ein mann som vil høyra.
13Som svalande snø ein dag i skurden
er ein påliteleg bodberar for sin herre,
han gjev mot og kraft til den som har sendt han.
14Lik skyer og vind som ikkje gjev regn,
er den som skryter av å gje, men ikkje gjer det. #Jud 12
15Med tolmod vert hovdingen overtald,
den milde tunga knuser bein. #15,1
16Finn du honning, så et ikkje meir enn du treng;
elles vert du for mett og spyttar han ut.
17Set sjeldan foten i huset åt ein ven,
elles vert han lei deg og legg deg for hat.
18Som hamar og sverd og kvasse pil
er den som vitnar rangt mot sin neste. #19,5+
19Som roten tann og ustø fot
er tillit til ein svikar på trengselsdagen.
20Å syngja for den som er sorgfull,
er som å kasta kappa ein vinterdag
eller som å slå eddik på natron.
21Er din uven svolten, så lat han få mat,
er han tyrst, så gjev han drikke! #2 Kong 6,22; Matt 5,44; Rom 12,20
22Då samlar du gloande kol på hans hovud,
og Herren skal løna deg for det. #25,22 samlar du gloande kol løner vondt med godt for å få fienden til å angra. Biletet viser truleg til ei gamal form for straff.
23Nordavinden kjem med regn,
med baktale fylgjer sinte andlet.
24Betre å bu i ein krok på taket
enn å vera i hus med trettekjær kvinne. #21,9
25Som kaldt vatn for ein tyrstande strupe
er godt nytt frå framandt land.
26Som grumset kjelde og utskjemd brunn
er ein rettvis mann som gjev etter for ein gudlaus.
27Å eta for mykje honning er ikkje godt;
ver sparsam med rosande ord! #24,13
28Lik ein øydelagd by med nedriven mur
er ein mann som ikkje kan styra sin hug. #16,32

Currently Selected:

Ordtaka 25: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in