Markus 8
8
Jesus mettar fire tusen
(Matt 15,32–39)
1Ein gong på den tid var det atter mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: 2«Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. 3Lèt eg dei fara svoltne heim, vert dei reint utmødde på vegen; for somme av dei har kome lange vegar.» 4«Kvar kan ein få brød frå her i øydemarka til å metta alle desse?» svara læresveinane. 5«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei. 6Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, så dei skulle dela dei ut, og dei delte dei ut til folket. 7Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei skulle delast ut. 8Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som låg att; det vart sju korger. 9Og det var ikring fire tusen menneske der. Så lét han dei fara heim. 10Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.
Krav om teikn
(Matt 16,1–4)
11No kom farisearane til, og dei gav seg i ordskifte med Jesus. Dei bad han om eit teikn frå himmelen, for dei ville setja han på prøve. #Matt 16,1+ 12Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne ætta eit teikn? Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje få noko teikn.» 13Dermed gjekk han ifrå dei, steig i båten og drog over til hi sida.
Den farlege surdeigen
(Matt 16,5–12)
14Men læresveinane hadde gløymt å ta brød med; dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten. 15Då åtvara Jesus dei og sa: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og Herodes!» #Luk 12,1 16Då sa dei seg imellom: «Dette seier han fordi vi ikkje har brød med oss.» 17Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor talar de om at de ikkje har brød? Ser og skjønar de enno ingen ting? Er de så harde? #6,52 18Har de augo og ser ikkje? Har de øyro og høyrer ikkje? Hugsar de ikkje #Jer 5,21; Esek 12,2; Mark 4,12+ 19den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen, kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv,» svara dei. #6,41ff 20«Og då eg braut dei sju brøda til dei fire tusen, kor mange korger med brødstykke samla de opp då?» «Sju,» svara dei. #8,8f 21«Og endå skjønar de ingen ting?» sa han.
Den blinde mannen i Betsaida
22Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han. 23Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut or byen. Så vætte han augo hans med spytt, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?» #Joh 9,6; Mark 5,23+ 24Mannen såg opp og sa: «Eg skimtar menneske; for eg ser noko som liknar tre gå ikring.» 25Så la Jesus på nytt hendene over augo hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt. 26Og Jesus sende han heim og sa: «Gå ikkje inn i byen!»
Peters vedkjenning
(Matt 16,13–20; Luk 9,18–21)
27Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?» 28Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.» #6,14f 29«Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.» #Matt 16,16+ 30Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.#1,44+
Jesus talar om at han skal døy og stå opp att
(Matt 16,21–23; Luk 9,22)
31Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.» #9,12.31; 10,33f 32Dette sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes. 33Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»
Å fylgja Jesus
(Matt 16,24–28; Luk 9,23–27)
34Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. #Matt 16,24f+ 35For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det. 36Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? 37Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 38Den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige ætta, han skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin, saman med dei heilage englane.»#Matt 10,33+; 25,31+
Currently Selected:
Markus 8: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2