YouVersion Logo
Search Icon

Markus 13

13
Jesus talar om tidene som skal koma
(Kap. 13)
Templet skal øydeleggjast
(Matt 24,1–2; Luk 21,5–6)
1Då Jesus var på veg ut frå templet, sa ein av læresveinane til han: «Meister, sjå for steinar og for byggverk!» 2Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
Trengslene tek til
(Matt 24,3–14; Luk 21,7–19)
3Då han sat på Oljeberget midt imot templet, og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han: #5,37+ 4«Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet som syner seg når alt dette skal fullendast?»
5Jesus tok til ords og sa:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 6For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg.» Og dei skal føra mange på villspor. 7Når de høyrer om krig, og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skræma! Dette lyt henda, men enno er ikkje enden komen. 8Folk skal reisa seg mot folk, og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv mange stader, og hungersnaud. Dette er dei fyrste føderiene.
9Men sjå dykk føre! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, så de kan vitna for dei. #Matt 10,17ff 10Og fyrst må evangeliet forkynnast for alle folkeslag. #16,15 11Men når dei fører dykk bort og gjev dykk over til styremaktene, så syt ikkje for kva de skal seia, men sei det som vert gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den Heilage Ande. #Luk 12,11f 12Bror skal senda bror i døden og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 13Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.#Matt 10,22
Den store trengsla
(Matt 24,15–22; Luk 21,20–24)
14Men når de ser «den øydande styggedomen» stå der han ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, røma til fjells; #Dan 11,31; 12,11 15den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko, 16og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 17Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 18Men bed at det ikkje må henda om vinteren! 19For i dei dagane skal det verta slike trengsler som det aldri har vore sidan Gud i opphavet skapte verda, og som det heller aldri meir skal verta. #Dan 12,1 20Og gjorde ikkje Herren den tida kortare, så vart ikkje eit menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort den tida kortare.
Når Menneskesonen kjem
(Matt 24,23–31; Luk 21,25–28)
21Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias!» eller: «Sjå der er han», så tru det ikkje! #Luk 17,23f 22For falske messiasar og falske profetar skal stå fram. Dei skal gjera teikn og under for å føra dei utvalde vilt, om det er råd. #Matt 24,24+ 23Så sjå dykk føre! Eg har sagt dykk alt føreåt.#Joh 16,4+
24Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. #Jes 13,10; Op 6,12ff 25Stjernene skal falla ned frå himmelen, og kreftene i himmelrømda skal skakast. 26Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. #Matt 24,30+ 27Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hjørne, frå ytste enden av jorda til ytste enden av himmelen.#Matt 24,31+
Lær av fikentreet!
(Matt 24,32–36; Luk 21,29–33)
28Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 29Like eins når de ser at dette hender, då veit de at han er utfor døra. 30Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. #9,1 31Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. #Jes 51,6 32Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.#Apg 1,7
Ver budde til Herren kjem!
(Matt 25,13–15; Luk 19,12–13)
33Ver på vakt og vak! For de veit ikkje når tida kjem. 34Det er som når ein mann skal fara utanlands: Før han fer heimanfrå, set han tenarane sine til å styra for seg. Kvar av dei får sitt å gjera, og til dørvaktaren seier han at han skal vaka. #Luk 19,12f 35Så vak då! For de veit ikkje kva tid husbonden kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel eller når dagen renn. #Matt 24,42; Luk 12,38 36Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. 37Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!

Currently Selected:

Markus 13: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in