Markus 10
10
Ekteskap og skilsmål
(Matt 19,1–9)
1Så tok han ut derifrå og kom til bygdene i Judea og til landet austanfor Jordan. Folket samla seg atter ikring han, og han lærte dei som han hadde for vane. 2Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. 3«Kva har Moses bode?» sa Jesus. 4Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmålsbrev og senda henne frå seg.» #5 Mos 24,1; Matt 5,31f 5Då sa han til dei: «Fordi hjarto dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. 6Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei til mann og kvinne. #1 Mos 1,27 7Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si, #1 Mos 2,24 8og dei to skal vera eitt. Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. 9Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
10Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette. 11Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den fyrste. #Matt 5,32+ 12Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.»
Jesus og borna
(Matt 19,13–15; Luk 18,15–17)
13Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei; men læresveinane ville visa dei bort. 14Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til. 15Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» #Matt 18,3 16Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.
Jesus og den rike mannen
(Matt 19,16–30; Luk 18,18–30)
17Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?» 18Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Berre éin er god – det er Gud. 19Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal ikkje eigna til deg noko med svik. Du skal æra far din og mor di.» #2 Mos 20,12ff 20Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.» 21Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Eitt vantar deg: Gå bort og sel alt det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!» #Matt 6,19ff 22Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sturen bort, for han var svært rik.
23Då såg Jesus ikring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det vert for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike.» #4,19 24Læresveinane stokk til då han sa det. Men Jesus tok til ords att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike for dei som set sin lit til rikdom. #10,24 for dei som set sin lit til rikdom finst berre i yngre handskrifter. 25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 26Då vart dei reint forfærde og sa til kvarandre: «Kven kan då verta frelst?» 27Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.»#Matt 19,26+; Mark 14,36
28Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg?» 29Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld, 30utan at han skal få det att hundre gonger: her i tida hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar – men forfylgingar òg – og i den verda som kjem, evig liv. 31Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att
(Matt 20,17–19; Luk 18,31–34)
32Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var ottefulle, og dei som fylgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv ikring seg og tok til å tala med dei om det som skulle henda han: 33«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden og gje han over til heidningane, #8,31; 9,31 34og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»
Ikkje råda, men tena
(Matt 20,20–28)
35Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.» 36«Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han. 37Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg, den eine på høgre og den andre på venstre sida di, når du tronar i din herlegdom.» 38«De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus. «Kan de drikka den skåla som eg drikk, eller ta den dåpen som eg tek?» #14,36; Luk 12,50; Joh 18,11 39«Det kan vi,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Den skåla eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg får, skal de få. #Apg 12,2 40Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er etla åt.»
41Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på Jakob og Johannes. 42Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som gjeld for fyrstar over folka, er herrar over dei, og stormennene styrer med hard hand. #Luk 22,25ff 43Men såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre. #Matt 20,26+; Mark 9,35 44Og den som vil vera den fyrste av dykk, skal vera træl for alle. 45For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»#Matt 20,28+
Den blinde Bartimeus
(Matt 20,29–34; Luk 18,35–43)
46Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut or byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. 47Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i og ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 48Mange skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 49Då stogga Jesus og sa: «Bed han koma hit!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver frimodig! Reis deg opp! Han kallar på deg.» 50Mannen kasta av seg kappa, spratt opp og kom bort til Jesus. 51«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få synet!» #10,51Rabbuni ei høgtideleg form for rabbi. Sjå Joh 20,16. [Matt 23,7.] 52Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med ein gong kunne han sjå, og han fylgde Jesus på vegen.#Luk 7,50+
Currently Selected:
Markus 10: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2