YouVersion Logo
Search Icon

Mika 5

5
Fredsfyrsten frå Betlehem
1Men du, Betlehem, Efrata,
den ringaste ¬mellom ættene i Juda!
Frå deg skal eg få meg ¬ein mann
som skal vera herre over Israel.
Han har sitt opphav ¬i gamal tid,
han er frå eldgamle dagar.
# 5,1 Efrata [1 Mos 35,16.] # 5,1 herre over Israel David var av Efrata-ætta i Betlehem (1 Sam 17,12), og frå Davids ætt skulle frelsarkongen (Messias) koma. # 2 Sam 7,8; Jes 9,6; Matt 2,1.6; Joh 1,1; 7,42
2Så lèt Gud dei gå ¬sine eigne vegar
til dess ho som skal føda, ¬har født.
Då kjem resten av brørne hans
heim att til Israels søner.
# 5,2 ho som skal føda mor til frelsarkongen. # Jes 7,14
3Han skal stå og gjæta ¬i Herrens kraft,
med makt og mynd ¬frå Herren sin Gud.
Og no skal dei sitja trygt,
for hans velde ¬når til heimsens endar. #Esek 34,23ff; Joh 10,1ff
4Han skal koma med fred. #Jes 9,6; Ef 2,14
«Når assyrarane kjem inn ¬i landet vårt
og stig inn i borgene våre,
då reiser vi imot dei
sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.
5Dei skal gjæta Assurs land ¬med sverd,
ja, Nimrods land ¬med dregne våpen.»
# 5,5 ‘Nimrod‘ vart halden for den som grunnla kongedømet i Babylonia og Assyria. Sjå 1 Mos 10,8–12.
Men han skal frelsa ¬frå assyrarane
når dei kjem inn i landet vårt
og stig over grensene våre.
Jakobs rest
6Mellom mange folk ¬skal Jakobs rest
vera som dogg frå Herren,
som ei regnskur på gras.
Dei ventar ikkje ¬på nokon mann
og vonar ikkje på menneske. #Jes 4,3
7Mellom folkeslaga ¬vert Jakobs rest
– midt imellom mange folk –
som løva mellom dyra i skogen,
som ungløva i saueflokkar.
Ho fer fram og trakkar ned,
ho riv i hel, og ingen bergar.
8Lat di hand vera lyft
mot dine motstandarar!
Må alle dine fiendar rydjast ut!
Bort med alt framandt!
9Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,
vil eg rydja ut hestane dine
og gjera stridsvognene dine ¬til inkjes.
10Byane i landet legg eg i øyde,
og alle festningane ¬bryt eg ned.
11Trolldomsmidla tek eg frå deg,
og teikntydarar ¬skal du ikkje lenger ha.
12Gudebileta dine rydjar eg ut,
steinstøttene dine tek eg bort.
Du skal ikkje lenger bøya deg
og tilbe det du sjølv har laga. #Jes 31,7; Sak 13,2
13Asjera-pålane riv eg opp,
og byane legg eg i øyde.
14I vreide og harme tek eg hemn
over folkeslag ¬som ikkje vil høyra.

Currently Selected:

Mika 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in