Matteus 1
1
Jesu barndom
(Kap. 1–2)
Jesu ættetavle
(Luk 3,23–38)
1Dette er ættetavla åt Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: #1 Mos 22,18; 1 Krøn 17,11 2Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob vart far til Juda og brørne hans. #1 Krøn 2,1ff 3Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, 4Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Naksjon, Naksjon fekk Salma; 5Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, #Rut 4,13ff 6og Isai var far til kong David.
David fekk sonen Salomo med kona til Uria, 7Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, #1 Krøn 3,10ff 8Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, 9Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, Akas fekk Hiskia, 10Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, 11og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.#2 Kong 24,10ff
12Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, #1 Krøn 3,17ff 13Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, 14Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, 15Eliud fekk Elasar, Elasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, 16og Jakob var far til Josef, mannen til Maria. Ho fødde Jesus, han som vert kalla Kristus.#27,17.22
17Såleis er det i alt fjorten ættleder frå Abraham til David, fjorten ættleder frå David til Babylon-ferda, og fjorten ættleder frå Babylon-ferda fram til Kristus.
Jesus vert fødd
(Luk 2,1–7)
18Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var trulova med Josef; men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn, ved Den Heilage Ande. #1,18 trulova Etter jødisk lov var trulovinga bindande og kunne berre løysast opp ved skilsmål. Det ekteskapelege samlivet tok til fyrst med bryllaupet.#Luk 1,26ff 19Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne. 20Medan han no tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande. 21Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» #1,21 Jesus gresk form av det hebraiske namnet Jesjua, som tyder «Herren frelser».#Sal 130,7f; Apg 4,12 22Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
23Sjå, møya skal verta med barn ¬og føda ein son,
og han skal kallast Immanuel #Jes 7,14
– det tyder: Gud med oss.
24Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og tok brura si heim til seg. 25Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fått sonen sin; honom kalla han Jesus.#Luk 2,21
Currently Selected:
Matteus 1: N78NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).