YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 2

2
Herrens dom over prestane
1Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:
2Vil de ikkje høyra
og ikkje leggja dykk dette ¬på hjarta,
så de ærar mitt namn,
seier Herren, Allhærs Gud,
så sender eg forbanning ¬mot dykk.
Eg gjer di velsigning om ¬til forbanning,
ja, eg gjer henne til forbanning
fordi de ikkje tek dette ¬til hjarta. #5 Mos 28,15ff
3Sjå, eg vil truga ætta dykkar.
Avfall av offerdyr ¬etter høgtidene dykkar
kastar eg i andletet på dykk,
og med det skal de berast bort. #Am 5,21
4Då skal de skjøna at det er eg
som har sendt dykk dette bodet,
så mi pakt med Levi ¬kan stå ved lag,
seier Herren, Allhærs Gud.
5Mi pakt med han ¬gav liv og fred,
og det gav eg han ¬så han skulle ottast.
Han ottast meg ¬og hadde age for mitt namn. #3 Mos 3,6ff
6Påliteleg rettleiing ¬var i hans munn,
og det fanst ikkje svik ¬på hans lipper.
Han ferdast med meg ¬i fred og rettferd
og berga mange ¬frå syndeskuld. #2,6 Påliteleg rettleiing Ei av dei oppgåvene presten hadde, var å rettleia folket og læra det kva som var Guds vilje. Sml. v. 9.
7For ein prests lipper ¬tek vare på kunnskap,
frå hans munn ¬skal folk be om rettleiing,
for han er sendebod ¬frå Herren, Allhærs Gud.
# 5 Mos 33,10; Hag 1,13
8Men de har vike av frå vegen
og fått mange til å falla
med den rettleiing ¬de har gjeve.
Levi-pakta har de brote,
seier Herren, Allhærs Gud.
9Difor har eg gjort dykk ¬vanvørde
og små for heile folket,
for de aktar ikkje ¬på mine vegar,
men gjer skil på folk
når de gjev rettleiing ¬om min vilje. #5 Mos 1,17; 1 Sam 2,30
Herren vil ikkje vita av skilsmål
10Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud ¬som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause ¬mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt? #5 Mos 32,6; Ef 4,6
11Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen ¬Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar. #Esra 9,1ff; Neh 13,23ff
12Gjev Herren må rydja ut ¬or Jakobs telt
kvar ætling av den ¬som gjer slikt,
jamvel om han ber fram ¬offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå ¬på gåva
eller ta imot dykkar offer ¬med glede.
14Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg ¬og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt. #Ordt 2,17
15Er det ikkje éin ¬som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru ¬mot din ungdoms kone! #1 Mos 2,24
16Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper ¬sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause. #Matt 19,5ff
Når Herren kjem
17De har trøytta Herren ¬med orda dykkar.
De spør: «Kva er det ¬vi har trøytta han med?»
De seier at alle som gjer vondt,
er gode i Herrens augo,
ja, at han har hugnad i dei.
Eller de spør:
«Kvar er Gud som dømer?»
# 3,13f

Currently Selected:

Malaki 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy