Lukas 7
7
Offiseren i Kapernaum
(Matt 8,5–13; Joh 4,46–53)
1Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum. 2Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt. 3Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren. 4Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han; 5for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.» 6Og Jesus gjekk med dei.
Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak; 7difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att! 8For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.» 9Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.» 10Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.
Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain
11Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!» 14Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!» #Mark 5,41; Luk 8,54 15Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. #1 Kong 17,22f 16Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.» #Matt 21,11+; Luk 1,68; 19,44 17Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.
Jesus svarar døyparen Johannes
(Matt 11,2–6)
18Alt dette fekk Johannes høyra om av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg 19og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» #3,16 20Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 21Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og mange blinde gav han synet. 22Og han svara: «Gå og fortel Johannes om det de har sett og høyrt: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp og evangeliet vert forkynt for fattige; #Jes 35,5f; 61,1; Luk 4,18 23og sæl er den som ikkje støyter seg på meg.»
Jesus vitnar om Johannes
(Matt 11,7–19)
24Då bodberarane frå Johannes var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? 25Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann kledd i fine klede? Dei som er fint kledde og lever i overflod, held til i kongsgardane. 26Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet. #1,76f 27Det er om han dette er skrive:#Mal 3,1; Mark 1,2
Sjå, eg sender min bodberar
føre deg,
han skal rydja vegen for deg.
28Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men jamvel den minste i Guds rike er større enn han. #1,15 29Alt folket lydde på Johannes, tollarane med, og dei gav Gud rett og lét seg døypa av Johannes. #Matt 21,31f; Luk 3,12 30Men farisearane og dei lovkunnige vraka Guds plan og lét seg ikkje døypa av han.
31Menneska i denne ætta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like? 32Dei er like born som sit på torget og ropar til kvarandre:
Vi bles på fløyte for dykk,
men de ville ikkje dansa.
Vi song syrgjesongar,
men de ville ikkje gråta.
33For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: «Han er forgjord.» 34Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: «Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! #15,1f 35Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle hans læresveinar.»
Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne
36Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords. 37No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve 38og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven. #Joh 12,3 39Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»
40Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister,» svara han. 41Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. 42Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» 43«Den han ettergav mest, tenkjer eg,» svara Simon. «Du har rett,» sa Jesus. 44Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt. #1 Mos 18,4 45Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. #Rom 16,16+ 46Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve. 47Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som lite får tilgjeve, elskar lite.» #7,47 Fyrste delen av verset kan setjast om på denne måten òg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, fordi ho har synt stor kjærleik. 48Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» #5,20 49Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som jamvel tilgjev synder?» 50Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå med fred!»#Matt 9,22; Mark 5,34; 10,52; Luk 8,48; 17,19; Apg 3,16; 16,31
Currently Selected:
Lukas 7: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2