YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 3

3
Førebuinga til Jesu gjerning
(3,1–4,13)
Døyparen Johannes står fram
(Matt 3,1–12; Mark 1,2–8)
1Det var i det femtande styringsåret åt keisar Tiberius. Pontius Pilatus var då landshovding i Judea, Herodes var fylkeskonge i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene, #3,1 Herodes Herodes Antipas. —Matt 14,1. Jfr. Luk 13,31; 23,7. #3,1 Filip fylkeskonge i Iturea og Trakonitis, dei nordaustlege lutene av Palestina 4 f.Kr. – 34 e.Kr. #3,1 Abilene område nordvest for Damaskus. 2og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarja, i øydemarka. #Joh 18,13; Apg 4,6 3Og han fór omkring i heile Jordan-landet, og forkynte at folket skulle venda om og la seg døypa, så dei kunne få tilgjeving for syndene sine, #Matt 3,2+; Apg 13,24; 19,4 4som det står skrive i boka med orda åt profeten Jesaja:#Jes 40,3ff
Ei røyst ropar i øydemarka:
Ryd veg for Herren,
gjer stigane hans rette!
5Kvar dal skal fyllast,
kvart fjell, kvar haug ¬skal jamnast.
Dei krokete vegane ¬skal rettast ut,
dei ujamne stigane verta slette.
6Og alle menneske ¬skal sjå Guds frelse. #2,30f; Tit 2,11
7I flokk og fylgje drog folk ut til Johannes og ville at han skulle døypa dei. Men han sa: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den straffedomen som skal koma? 8Så ber då frukt som svarar til omvendinga! Kom ikkje og sei: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. #Joh 8,39 9Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.»#Matt 7,19; Joh 15,6
10«Kva skal vi då gjera?» spurde folket. #10,25+ 11Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» #Jak 2,15f 12Det kom òg nokre tollarar og ville verta døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» #7,29 13«Krev ikkje meir enn de har rett til,» svara han. 14«Kva så med oss,» spurde nokre soldatar, «kva skal vi gjera?» Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske klagemål, men ver nøgde med løna dykkar.»
15Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. #Joh 1,19ff 16Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. #Apg 1,5; 2,4; 13,25 17Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
18Dette og mykje anna la han folket på hjarta medan han bar fram bodskapen sin. 19Men då han refste fylkeskongen Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt, #Matt 14,3ff 20la Herodes ei ny misgjerning attåt alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel.
Jesus vert døypt
(Matt 3,13–17; Mark 1,9–11; Joh 1,32–34)
21Alt folket lét seg no døypa, og Jesus òg vart døypt. Då hende det medan han stod og bad, at himmelen opna seg, 22og Den Heilage Ande dala ned over han i dueskapnad. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i!»#Matt 3,17+
Jesu ættetavle
(Matt 1,1–17)
23Jesus var ikring tretti år gamal då han tok til med si gjerning. Folk meinte at han var son til Josef, som var son til Eli, #4,22 24son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef, 25son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai, 26son til Ma’at, son til Mattatja, son til Sjimi, son til Josek, son til Joda, 27son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sealtiel, son til Neri, 28son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er, 29son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi, 30son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim, 31son til Melea, son til Manna, son til Mattata, son til Natan, son til David, #2 Sam 5,14 32son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Naksjon, #1 Sam 16,1ff 33son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda, 34son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nakor, #1 Mos 11,27 35son til Serug, son til Re’u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah, 36son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek, 37son til Metusjalah, son til Enok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan, #1 Mos 5,24ff 38son til Enosj, son til Set, son til Adam, Guds son.#1 Mos 4,25f

Currently Selected:

Lukas 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in