YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 17

17
Forføring og tilgjeving
(Matt 18,6–7.21–22; Mark 9,42)
1Han sa til læresveinane: «Det lyt koma forføringar; anna er ikkje råd. Men ve den som dei kjem ifrå! 2Det var betre for han at det låg ein kvernstein om halsen på han, og han var kasta i havet, enn at han skulle forføra ein av desse små. 3Ta dykk i vare!
Syndar bror din, så tal han til rettes, og angrar han, så tilgjev han. #Matt 18,15+ 4Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: Eg angrar, så tilgjev han.»
Tru og teneste
5Apostlane sa til Herren: «Gjev oss meir tru!» 6Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: Rykk deg opp og slå rot i havet! Og det skulle lyda dykk.#Matt 17,20+
7Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjæter, seier han då til han når han kjem heim frå marka: Kom no og set deg til bords? 8Nei, han vil seia: Lag til kveldsmat åt meg, gjer deg så i stand og set fram for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat. 9Takkar han tenaren for at han gjorde det han var føresagd? Eg trur ikkje det. 10Såleis med dykk òg. Når de har gjort alt det de var føresagde, skal de seia: Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår.»#1 Kor 9,16
Den takksame samaritanen
11Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. #9,51+ 12Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna #3 Mos 13,46 13og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. #5,14; Matt 8,4 15Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst, 16kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?» 19Og han sa til mannen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»#7,50+
Når Guds rike kjem
(Matt 24,26–28.37–41)
20Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. #Joh 3,3; 18,36 21Ingen kan seia: «Sjå her er det,» eller: «Der er det.» For Guds rike er midt imellom dykk.#17,21 Siste delen av verset kan omsetjast: For Guds rike er inne i dykk.
22Til læresveinane sa han:
Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. 23Folk skal seia til dykk: «Sjå der,» eller «Sjå her er han.» Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! #Mark 13,21 24For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag. 25Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta.#9,22; 18,31f
26Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. #1 Mos 6–8 27Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. 28Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. #1 Mos 19,14ff 29Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. 30På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.
31Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. #Matt 24,17f; Luk 21,21 32Kom i hug kona åt Lot! #1 Mos 19,26 33Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det. #Matt 10,39; Luk 9,24 34Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att. 35To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att. 36To menn skal vera ute på marka; den eine skal hentast, og hin setjast att. #17,36 Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Matt 24,40.
37Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.»#Job 39,33

Currently Selected:

Lukas 17: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in