YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 13

13
Omvending og frukt
1På den tid kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. 2Då tok Jesus til ords: Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? #Joh 9,2 3Nei, seier eg dykk, men vender de ikkje om, skal de omkomast på same måten alle i hop. #Sal 7,13 4Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet datt ned, trur de at dei var verre brotsmenn enn alle dei andre som bur i Jerusalem? 5Nei, seier eg dykk. Men vender de ikkje om, skal de alle døy på same vis.
6Så fortalde han denne likninga: Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. #Matt 21,19 7Då sa han til gartnaren: «No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og suga ut jorda?» 8«Herre, lat det få stå i år òg,» svara gartnaren, «så skal eg grava kring det og gjødsla det; #2 Pet 3,9.15 9kan henda det ber neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.»
Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten
10Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene. 11Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp. 12Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.» 13Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. #Mark 5,23+ 14Men synagogeforstandaren vart arg fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar i veka til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» #6,7; 14,3+; 2 Mos 20,9f 15«Hyklarar,» svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten, og leier dei ut så dei får drikka? #14,5 16Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i samfulle atten år, skulle ikkje ho kunna løysast or det bandet på ein sabbat?» 17Då han sa dette, laut dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men heile lyden gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
Likningane om sennepsfrøet og surdeigen
(Matt 13,31–33; Mark 4,30–32)
18Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg likna det med? 19Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»#Esek 17,23
20Og han heldt fram: «Kva skal eg likna Guds rike med? 21Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»
Den tronge døra
(Matt 7,13–14.21–23)
22Medan han var på veg til Jerusalem, fór han ikring frå by til by og frå landsby til landsby og lærte folket. #9,51+ 23Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som vert frelste?» Han sa til dei:
24Strid alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. #1 Tim 6,12 25Når husbonden fyrst har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: «Herre, lat opp for oss!» då skal han svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.» #Matt 25,11f 26Då kjem de til å seia: «Vi har ete og drukke i lag med deg, og du lærte på gatene våre.» 27Men han skal svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!» #Sal 6,9 28Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor. #Matt 8,11f+ 29Og det skal koma folk frå aust og frå vest, frå nord og frå sør og sitja til bords i Guds rike. 30Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste.#Matt 19,30; 20,16
Jesus og Herodes
31I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.» #13,31Herodes Herodes Antipas. [Matt 14,1.] 32Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet. 33Men i dag og i morgon og endå ein dag lyt eg vera på vegen, for ein profet kan ikkje lata livet nokon annan stad enn i Jerusalem.
Klage over Jerusalem
(Matt 23,37–39)
34Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. #Matt 23,37f+; Luk 19,41ff 35Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn.»#Sal 118,26; Luk 19,38

Currently Selected:

Lukas 13: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in