YouVersion Logo
Search Icon

Jona 3

3
Jona i Ninive
1Då kom Herrens ord til Jona andre gongen, og det lydde så: 2«Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han den bodskapen eg gjev deg!»#1,2
3Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsleier lang. #4,11 4Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: «Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!»
5Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små. #Joel 1,14+; Matt 12,41 6Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet.
7Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: «Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer. #Jer 4,8; 26,3 9Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.»#Joel 2,14
10Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla.#Jer 18,8; Am 7,3.6+

Currently Selected:

Jona 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in