YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 45

45
Josef fortel kven han er
1Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod ikring han. Han ropa: «Lat alle dei andre gå ut frå meg!» Så var det ingen annan til stades då Josef fortalde brørne sine kven han var. 2Han sette i og gret så høgt at egyptarane høyrde det, ja, dei høyrde det i huset åt farao. 3Og han sa til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne hans kunne ikkje svara han. Dei stod der som dei var klumsa. #50,15 4Då sa Josef til dei: «Kom hit til meg!» Så gjekk dei bort til han, og han sa:
Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egypt. 5Men no skal de ikkje vera sorgfulle eller urolege fordi de selde meg hit. Gud ville berga liv; difor sende han meg føre dykk. #50,20 6No har vi hatt to uår i landet, og enno kjem det fem år utan pløying og hausting. 7Men Gud sende meg føre dykk fordi han ville leiva ein rest av dykk på jorda og berga mange levande gjennom nauda. 8Så er det ikkje de som har sendt meg hit, men Gud. Han har sett meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. #45,8 far for farao tittel på ein høg embetsmann i det gamle Egypt. 9Skunda dykk no og dra heim att til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10Du skal få bu i Gosen og vera der eg er, både du og borna og barneborna dine, med småfe og storfe og alt det du eig. #45,10 Gosen grøderik landevidd på austsida av Nil-deltaet. 11Og eg skal syta for deg der – for enno kjem det fem uår – så korkje du eller huslyden din eller nokon av dine skal lida naud.» 12No ser de med eigne augo, både de og Benjamin, bror min, kven det er som talar med dykk. 13Ber då bod til far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett! Og skunda dykk og kom hit ned med far!
14Så kasta Josef seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret; og Benjamin gret i armane hans. 15Han kyste alle brørne sine og gret medan han tok dei i famn. Sidan tala brørne med han.
Heimreisa
16Då det spurdest i kongsgarden at brørne hans Josef var komne, vart farao og mennene hans fegne. 17Og farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Så skal de gjera: Kløvja på dyra dykkar og far heim att til Kanaan! 18Så skal de ta far dykkar og huslydane dykkar og koma til meg. Eg vil gje dykk det gode som finst i Egypt; de skal få eta av det beste i landet. 19Og du skal seia frå at dette skal dei gjera: Ta med dykk vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Henta så far dykkar og kom hit! 20De skal ikkje kvida dykk om de må fara frå eignelutene dykkar. For det beste som finst i heile Egypt, skal høyra dykk til.»
21Israels-sønene gjorde så. Og Josef gav dei vogner, som farao hadde sagt, og lét dei få med seg niste på vegen. 22Dei fekk alle kvar sin høgtidsbunad. Men Benjamin gav han tre hundre sekel sølv og fem høgtidsbunader. 23Sameleis sende han far sin ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper med korn og brød og mat til faren på ferda. 24Så bad Josef farvel med brørne sine, og dei fór av stad. Han sa til dei: «Lat det ikkje verta trette på vegen!»
25Så tok dei ut frå Egypt og kom heim att til Jakob, far sin, i Kanaan. 26Dei bar fram bodet til han og sa: «Josef er enno i live. Han er jamvel styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjarta; for han trudde dei ikkje. 27Så fortalde dei han alt det Josef hadde sagt til dei, og han såg vognene som Josef hadde sendt til å henta han i. Då kvikna han til att, Jakob, far deira. 28«Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, er enno i live! Eg vil av og sjå han før eg døyr.»#46,30

Currently Selected:

1. Mosebok 45: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in