YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 44

44
Staupet i sekken hans Benjamin
1Sidan sa Josef til hushaldaren sin: «Fyll sekkene åt desse mennene med korn, så mykje dei kan få med seg, og legg pengane åt kvar av dei oppå kornet! 2Legg så staupet mitt, sølvstaupet, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa. 3Morgonen etter, med same det ljosna, fekk mennene fara av stad med esla sine.
4Men dei var ikkje langt utom byen komne før Josef sa til hushaldaren sin: «Set etter mennene! Og når du tek dei att, skal du seia til dei: Kvifor løner de godt med vondt? Kvifor har de stole sølvstaupet mitt? 5Er ikkje dette det staupet som herren min drikk av, og som han spår i? Det var ille gjort av dykk!» 6Då hushaldaren tok dei att, sa han dette til dei. 7«Kvifor talar du såleis, herre?» spurde dei. «Gud fri tenarane dine frå å gjera noko slikt! 8Du ser, dei pengane vi fann øvst i sekkene våre, hadde vi med oss hit til deg att frå Kanaan. Kvifor skulle vi då stela sølv eller gull or huset åt herren din? 9Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og vi andre skal vera trælane dine.» 10Han svara: «Ja, lat det vera som de seier! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men de andre skal vera utan skuld.» 11Så skunda dei seg og lyfte sekkene ned på jorda og opna kvar sin sekk. 12Hushaldaren såg etter, tok til hjå den eldste og enda hjå den yngste. Og staupet fann han i sekken hans Benjamin. 13Då reiv dei sund kleda sine, kløvja kvar sitt esel og fór attende til byen.
14Og Juda og brørne hans kom inn i huset åt Josef medan han endå var der. Og dei kasta seg til jorda for han. 15Då sa Josef til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at eg kan finna ut det som er dult?» 16«Kva skal vi svara deg, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia, og korleis kan vi syna at vi er skuldlause, når Gud har funne skuld hjå tenarane dine? Sjå, vi er trælane dine, herre, både vi og han som staupet vart funne hjå.» 17Men Josef sa: «Gud fri meg frå å gjera slikt! Den som hadde staupet, han skal vera trælen min. Men de andre kan fara heim til far dykkar i fred.»
18Då gjekk Juda fram for han og sa: Høyr her, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, og ver ikkje harm på meg! Du er då som farao sjølv! 19Du spurde oss, herre: «Har de nokon far eller bror?» 20Då svara vi: «Ja, vi har ein gamal far, og han har ein ung son, som han fekk på sine gamle dagar. Denne guten hadde ein bror, men han er borte. No er han åleine att etter mor si, og far hans er så glad i han.» 21Du sa til tenarane dine: «Kom hit til meg med han, så eg får sjå han med eigne augo.» 22Då sa vi til deg, herre: «Guten kan ikkje skiljast frå far sin; for skilst han frå han, døyr faren.» 23Men du sa til tenarane dine: «Kjem ikkje yngste bror dykkar med hit, vil eg ikkje sjå dykk for augo mine.» 24Då vi så kom heim til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre. 25«Far av stad att,» sa far, «og kjøp litt korn til oss!» 26Då svara vi: «Nei, det kan vi ikkje gjera. Men er yngste bror vår med, skal vi fara dit ned. For vi kan ikkje koma mannen for auga utan at yngste bror vår er med.» 27Då sa far vår, tenaren din, til oss: «De veit at eg fekk to søner med same kona. 28Men den eine vart borte for meg. Eg sa: Han er visseleg ihelriven, og eg har ikkje sett han sidan. 29Tek de no denne òg ifrå meg, og kjem han ut for ei ulukke, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.» 30Skal eg no koma heim til far min, tenaren din, og vi ikkje har med oss guten, som hjarta hans heng så fast ved, 31så vert det døden hans, når han ser at guten ikkje er med. Vi kjem til å senda far vår, tenaren din, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket. 32For eg, tenaren din, tok på meg å svara for guten hjå far min. Eg sa: «Kjem eg ikkje heim att til deg med han, skal eg stå i skuld til deg alle mine dagar.» #43,8 33Lat difor meg vera att i staden for guten og vera trælen din, herre! Lat han fara heim att saman med brørne sine! 34For korleis kunne eg koma heim att til far når guten ikkje var med? Eg heldt ikkje ut å sjå på den sorg som då kom over far min.

Currently Selected:

1. Mosebok 44: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in