1. Mosebok 42
42
Brørne åt Josef kjem til Egypt
1Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og stirer på kvarandre? #Apg 7,12 2Eg har høyrt,» sa han, «at dei har korn i Egypt. Far dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan berga livet og sleppa å døy!» 3Då fór brørne åt Josef, ti i talet, ned til Egypt og ville kjøpa korn. 4Men Jakob sende ikkje Benjamin, heilbror til Josef, av stad med brørne. Han var redd det kunne henda han ei ulukke.
5Så var då Israels-sønene òg mellom dei som kom og ville kjøpa korn; for det var uår og naud i Kanaan. 6No var Josef styrar i Egypt, og han selde korn til alt folket der. Då brørne hans kom, kasta dei seg til jorda for han. #41,40+ 7Med det same Josef fekk sjå brørne sine, kjende han dei att, men gjorde som han var framand for dei. Han tala strengt til dei og sa: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå Kanaan og vil kjøpa korn.»
8Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han. 9Då kom Josef i hug det han hadde drøymt om dei. Og han sa: «De er spionar som kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.» #37,7.9 10«Nei, herre,» svara dei, «tenarane dine vil berre kjøpa korn. 11Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk og ikkje spionar.» 12«Jau,» sa han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.» 13Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til éin mann i Kanaan. Den yngste er heime hjå far, og ein av oss lever ikkje lenger.» 14Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar. 15Men no vil eg setja dykk på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit! 16Ein av dykk skal fara i veg og henta bror dykkar, medan de andre vert verande her som fangar! Så vil det visa seg om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så visst som farao lever.» 17Så heldt han dei fengsla i tre dagar.
18Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer no som eg seier, så skal de få leva! Eg er ein mann som har age for Gud. 19Dersom de er ærlege folk, så lat ein av brørne vera att her i fengslet, medan de andre fer i veg med korn til livberging for dei som er heime. 20Kom så hit til meg med yngste bror dykkar! Då vil eg tru dykk, og de skal sleppa å døy.» Og dei så gjorde.
21Dei sa seg imellom: «Sanneleg, vi må bøta for det vi gjorde mot bror vår. Vi såg kor hjarteredd han var då han bad så fint for seg; og likevel ville vi ikkje høyra på han. Difor er vi no komne i slik naud.» 22Då tok Ruben til ords og sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle fara så stygt med guten? Men de ville ikkje høyra. Og no krevst det hemn for blodet hans.» #37,21f 23Dei visste ikkje at Josef skjøna dette; for han bruka tolk når han tala med dei. 24Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simeon ut or flokken og batt han så dei såg på.
25Sidan sa Josef frå til folka sine at dei skulle fylla sekkene deira med korn, leggja pengane åt kvar av dei atti sekkene og gje dei niste med på vegen. Og det vart gjort. 26Så leste dei kornet på esla og tok ut. 27Men då dei slo leir for natta, og ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr, fekk han auga på pengane; dei låg øvst i sekken. 28Han sa til brørne: «Eg har fått att pengane mine. Her ligg dei i sekken min!» Då vart dei reint ille ved. Skjelvande såg dei på kvarandre og sa: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»
29Så kom dei heim til Jakob, far sin, i Kanaan. Og dei fortalde han alt det som hadde hendt dei. 30«Mannen som rår der i landet, tala strengt til oss,» sa dei, «og tok oss for folk som ville speida ut landet. 31Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar. 32Vi var tolv brør som alle hadde same faren. Ein av oss lever ikkje lenger, og den yngste er heime hjå far vår i Kanaan. 33Han som rår der i landet, sa då til oss: Dette vil eg ha til teikn på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg. Og de andre kan ta med dykk alt de treng til livberging for dei som er heime, og fara i veg. 34Kom så til meg med yngste bror dykkar, så eg kan sjå at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kan fara fritt ikring i landet.»
35Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei sin pengepung der. Og då dei fekk auga på pengepungane, stokk dei til, både dei og far deira. 36Og Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er borte, Simeon er borte, og no vil de ta Benjamin òg. Det er meg det går ut over alt dette.»
37Då sa Ruben til far sin: «Begge sønene mine kan du drepa dersom eg ikkje kjem heim att til deg med Benjamin. Berre lat han vera med meg! Eg skal føra han attende til deg.» 38Men Jakob svara: «Son min skal ikkje fara med dykk dit ned. For bror hans er borte, og han er åleine att. Kjem han ut for ei ulukke på den ferda de skal gjera, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.»#44,22.29ff
Brørne fer til Egypt att
39Det var endå harde uår i landet.
Currently Selected:
1. Mosebok 42: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2