1. Mosebok 27
27
Jakob lurer til seg velsigninga
1Då Isak var gamal vorten og dimdest så på synet at han mest var blind, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Du son min!» Han svara: «Ja, her er eg.» 2Så sa han: «Du ser eg er gamal vorten; eg veit ikkje kva dag eg skal døy. 3Ta no jaktreiskapen din, pilehuset og bogen, og gå ut i marka og skyt noko vilt åt meg! 4Lag så ein god rett, av det slaget eg likar! Kom hit med han og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»
5Rebekka lydde på medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt og ha med seg heim. 6Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau og sa: 7Kom heim med noko vilt, lag ein god rett og lat meg eta, så vil eg velsigna deg for Herrens åsyn før eg døyr! 8Lyd no meg, guten min, og gjer det eg byd deg! 9Gå bort til småfeet og henta to fine kje, så skal eg laga ein god rett åt far din av det slaget han likar. 10Den skal du bera inn til far din, så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»
11Då sa Jakob til mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snau. #25,25 12Kanskje far kjenner på meg. Så trur han at eg vil halda han for narr, og eg fører forbanning over meg i staden for velsigning.» 13«Den forbanninga skal eg ta på meg, guten min,» sa mora. «Berre lyd meg, du, og gå og henta kjeungane!» 14Så gjekk han etter kjea og kom til mor si med dei. Ho laga ein god rett av det slaget faren lika. 15Og Rebekka fann fram staskleda åt Esau, eldste son sin – ho hadde dei inne hjå seg – og lét Jakob, yngste sonen, ta dei på seg. 16Og skinna av kjeungane hadde ho på hendene og halsen hans, der han var snau. 17Så gav ho Jakob, guten sin, den gode retten og brødet som ho hadde stelt til.
18Han gjekk inn til far sin med det og sa: «Far!» «Ja,» sa han, «kven er du, guten min?» 19Då svara Jakob: «Eg er Esau, eldste son din. Eg har gjort som du bad meg. Set deg no opp og et av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!» 20Isak sa til son sin: «Korleis kunne du finna det så snøgt, guten min?» Han svara: «Herren din Gud sende det imot meg.» 21Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!» 22Så gjekk Jakob bort til far sin, og han kjende på han og sa: «Det er målet hans Jakob, men hendene hans Esau.» 23Isak kjende han ikkje; for hendene hans var lodne som hendene åt Esau, bror hans. Og han velsigna han.
24Han spurde: «Er du Esau, son min?» «Ja, det er eg,» svara Jakob. 25«Set fram åt meg,» sa Isak, «og lat meg få eta av viltet du har skote, guten min, så eg kan velsigna deg!» Då sette Jakob det fram for far sin, og han åt. Og han kom med vin til han, og han drakk. 26Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, guten min!» 27Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren angen av kleda hans, og han velsigna han og sa:#Hebr 11,20
«Kjenn, angen av son min
er lik angen av ei eng
som Herren har velsigna!
28Gud gjeve deg dogg frå himmelen
og rikeleg med grøde på jorda,
korn og vin i mengd!
29Folkeslag skal tena deg,
folk skal falla til fote for deg.
Ver herre over dine brør!
Sønene åt mor di skal bøya seg for deg!
Forbanna vere dei som forbannar deg,
og velsigna dei som velsignar deg!» #25,23+
30Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han var berre så vidt komen ut frå far sin – då kom Esau, bror hans, heim att frå jakta. 31Han òg laga ein god rett og bar inn til far sin. «Far,» sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!» 32«Kven er du?» spurde Isak. Han svara: «Eg er Esau, eldste son din.» 33Då vart Isak så forfærd at han skalv, og han sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.» 34Då Esau høyrde dei orda av far sin, sette han i eit høgt og hjarteskjerande skrik og sa: «Velsigna meg òg, far!» #Hebr 12,17 35Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga som du skulle ha.» 36Då sa Esau: «Med rette har han fått namnet Jakob; for no har han lurt meg to gonger. Fyrst tok han odelen min, og no har han teke velsigninga med.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?» #27,36 no har han lurt meg [25,26.] 37Då tok Isak til ords og sa til Esau: «Eg har sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til trælane hans. Med korn og vin har eg sytt for han. Kva kan eg så gjera for deg, son min?» 38Esau svara: «Har du berre denne eine velsigninga, far? Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt. 39Då tok Isak til ords att og sa:
«Langt borte frå den grøderike jord
skal din bustad vera
og utan dogg frå himmelen.
40Av sverdet ditt skal du leva,
og bror din lyt du tena.
Men når du ein gong slit deg laus,
skal du riva åket hans av nakken din.»
41Esau la Jakob for hat fordi far hans hadde velsigna han. Og Esau sa med seg sjølv: «Snart kjem den tid då vi lyt syrgja over far. Då skal eg drepa Jakob, bror min.» 42Då Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt, sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg. 43Lyd no meg, guten min! Gjer deg ferdig og røm til Laban, bror min, i Karan! 44Ver hjå han ei tid, til harmen har gått av bror din, 45til vreiden hans har vendt seg frå deg, og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvifor skulle eg missa dykk begge på ein og same dagen?»
Isak sender Jakob til Laban
46Rebekka sa til Isak: «Eg er lei av livet for desse hetittkvinnene skuld. Skulle no Jakob òg ta seg ei slik hetittjente til kone, ei av døtrene i landet, kva skal eg då leva for?»
Currently Selected:
1. Mosebok 27: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2